[l10n-no] Flytte/legge ned i18n.skolelinux.no?
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Lør 2. Mai 2020 07:44:18 PDT
Thor K. H. skreiv 26.04.2020 17:41:
> Kunne det være aktuelt å flytte sidene til f.eks. et GitLab-team eller
> tilsvarende og benytte seg av GitLab Pages eller tilsvarende?
Ja, det kan vera ei god løysing. Og då kanskje gå over til Markdown som
redigeringsformat?
Men alt dette fordrar at nokon har lyst til å ta på seg ansvaret med 1)
å få ei slik løysing opp å gå og 2) fungera som
vedlikehaldar/vaktmeister for løysinga. Eg kan nok bidra med noko
innhald og hjelpa *litt* til, men har ikkje kapasitet til å styra denne
prossesen (steg 1 og 2).
Så, nokon frivillige?
Når det gjeld SVN-depotet, er det nokon som har (eller kan laga) ein
komplett dump av dette? Nettsidene er berre ein liten del av heile
depotet, men dei har blitt flytta minst éin gong, så det er ikkje noko å
ha historikk berre for «www»-mappa. Og det hadde vore kjekt å hatt med
seg heile historikken (for for eksempel fellesordlista).
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.