[l10n-no] Force feedback på norsk

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Søn 20. Jun 2021 01:48:43 PDT


Hei!

Har nokon forslag til kva me kan kalla «force feedback» (i vid forstand) 
i spelsamanheng på norsk? Det er snakk om vibrering og følt motstand i 
den fysiske eininga ein brukar til å styra spelet. I eit bilspel kjenner 
ein for eksempel kraftig vibrering i rattet (eller styrespaken eller 
spelkontrollaren) når ein krasjar, ulik vibrering på ulike vegdekke 
eller motstand i rattet i krappe svingar.

Ser ut til at folk flest berre brukar «force feedback» på norsk òg, men 
det hadde vore fint å hatt eit forståeleg norsk uttrykk.

Microsoft har så vidt eg kan sjå berre éin tekst (for Xbox 360) der 
uttrykket er omsett. Der er «Force Feedback Wheel» blitt til «Hjul med 
effektsimulering». Eigentleg er ikkje «effektsimulering» så dumt tenkt, 
men det er veldig vagt. Viss ein i innstillingane i eit bilspel ser ein 
avkryssingsboks med «Effektsimulering», kan det jo vera snakk om kva som 
helst – simulering av vêr-/regneffektar, for eksempel. (Ei anna sak er 
at Microsoft ikkje forstod at det var snakk om eit *ratt*, ikkje eit hjul.)

Førebels har eg landa på det litt tekniske «haptisk tilbakemelding», men 
tar gjerne imot betre forslag.


-- 
Karl Ove Hufthanner



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.