[l10n-no] Force feedback på norsk
Leif Halvard Silli
verktystell at russisk.no
Man 28. Jun 2021 12:14:34 PDT
On 20 Jun 2021, at 11:10, Petter Reinholdtsen wrote:
> [Karl Ove Hufthammer]
>> Førebels har eg landa på det litt tekniske «haptisk
>> tilbakemelding»,
>> men tar gjerne imot betre forslag.
>
> Mine forslag er 'fysisk respons' eller 'fysisk tilbakemelding'.
Det er snakk om å få ei kjensle av dei fysiske kreftene. Det kan vera
andre typar tilbakemelding i spelet som også er fysisk. Dermed er det
upresist å snakka om «fysisk respons», meiner eg. Føremona med ordet
«feedback» er kanskje at enkelte brukarar vil ha behov for å få
«force feedback» på annan måte enn gjennom eit dirrande ratt - det
kan i prinsippet vera snakk om ein brukar som ikkje er i stand til å
merka fysisk dirring, anten av praktiske årsaker eller av
funksjonshemmingsårsaker. Men respons er eit nokså nøytralt
avløysingsord det også.
Nokre framlegg:
* fysisk kraft-respons
* fysisk kraft-effekter
* fysisk kraft (alt etter kontekt kan dette kanskje vera nok)
--
Leif Halvard Silli
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.