[l10n-no] Norsk terminologi for elektrisitet og sånt (i spelet GCompris)

Kjetil Torgrim Homme kjetilho at ifi.uio.no
Søn 28. Mar 2021 17:22:03 PST


On Sun, 2021-03-28 at 17:13 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
> Når det er sagt, så er eg einig med deg. Eg prøver meg med:
> 
>     Du kan trykkja på ein komponent og så på dreie­knappane for å dreia
>     på han eller på informasjons­knappen for å lesa meir om han.
> 
> Det vart ein litt lang setning, man han er forhåpentlegvis forståeleg.

Dette er kanskje i overkant pirkete men...

Eg synest du bør gjenta "trykkja" ("eller trykkja på") for å gjere
dette meir lettlest.  Synest også du kan droppe den siste "om han"
sidan det fort peikar tilbake på feil "han", og uansett følest
overflødig.

Kan dessverre ikkje hjelpe med resten.

-- 
venleg helsing,
Kjetil T.




Mer informasjon om epostlisten l10n-no.