[l10n-no] Hei og debattinnlegg

Ola Haugen Havrevoll havrevoll at gmail.com
Ons 9. Feb 2022 02:40:18 PST


Eg har prøvd å fylgja litt med på omsetjinga av Android til nynorsk, og det
finst ein sak for dette her:
https://issuetracker.google.com/issues/160714156  Slik eg skjønar det, har
Google full kontroll på Android, så det må godkjennast av dei for at
omsetjinga i det heile skal setjast i gang.

For ti år sidan byrja eg å prøva å omsetja bokmålsversjonen av
CyanogenMod Android på eiga hand, som eg teoretisk sett kunne kompilera og
leggja inn på min eigen telefon. Sjølv om eg omsette heile Settings-appen
kjapt ved hjelp av Apertium, fekk eg ikkje opp nynorske ord. Dessutan kunne
eg ingenting om programmering, så eg var nokså hjelpelaus. Eg sende òg
rundt 2011 eit brev i posten til Google Norge om dette, men fekk, ikkje
overraskande, aldri svar. Eg er heilt samd i at nynorsk Android er ei særs
viktig sak, og det har det vore i over ti år, utan at noko har hendt. Dette
burde nok Mållaget og Målungdomen leggja mykje meir press på Google for å
få til, og eg trur det med dei og media at me kan få framgang her.

Når det gjeld annan omsetjing til nynorsk, trur eg ikkje Mållaget skulle
tilsetja folk for å omsetja fri programvare. Eg har ingenting med
skuleverket å gjera, så eg berre gissar, men eg trudde Skulelinux var nokså
utdatert og uaktuelt å gjenoppliva for å få inn i skulen. Er det ikkje for
mykje pengar involvert for dei store forlaga som lagar programvare som vert
nytta i skulen? Kan nokon fortelja litt om korleis stoda er og kva elevane
nyttar no til dags? Det går vel mykje i nettbrett?

Helsing Ola Haugen Havrevoll
(leiar i Nidaros Mållag)

ons. 9. feb. 2022 kl. 11:01 skrev Eivind Ødegård <eivind.odegard at sogn.no>:

> Den 09.02.2022 10:46, skreiv Øystein Steffensen-Alværvik:
> > Android er jo bygd opp av både open kjeldekode frå «Android Open Source
> Project» («AOSP»), samt Google sine proprietære løysingar (dette gjeld for
> så vidt også Chrome).
>
>
> Det er vel AOSP som må koma fyrst. Andre og meir velrøynde omsetjarar
> kan sikkert svara på kvifor me ikkje har eit nynorskprosjekt for AOSP,
> men eg mistenkjer at det er slik eg skriv: Miljøa er for små (rett meg
> viss eg tek feil). Me treng at td. Mållaget sjølv tilset omsetjarar som
> jobbar med nynorsk, kvensk og samiske språk på fulltid. AOSP bør vera
> ein grei stad å byrje, tenkjer eg.
>
> Helsing Eivind
>
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.