[l10n-no] En eller flere bit?

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Lør 22. Okt 2022 00:07:06 PDT


Kjetil Torgrim Homme skreiv 22.10.2022 00:04:
>> Det står da vittelig at både biter og bit i ubestemt flertall er
>> korrekt, så en kan vel også si at ordboken sier 32-bits maskin er like
>> korrekt.  Eller leser jeg det feil?
>>
> "32-bits maskin" meiner eg er feil.  det er ikkje genitiv - du ville
> ikkje sagt "32-bit sin maskin", og du kan ikkje ha ein fuge-s når det er
> delt inn i separate ord.

Jo. Det er heilt vanleg på norsk, og det er det som er rett. Eit anna 
eksempel er «eit tre vekers arbeid».

Norsk referansegrammatikk skil mellom to typar tilsvarande uttrykk, der 
genitivsleddet er 1) «bestemmer» («en times pause») eller 2) «beskriver» 
(«en fem minutters pause»). Dei skriv òg at «[g]enitivledd som 
bestemmere er vanlige både i skrift- og talespråk, mens genitivledd som 
beskrivere er mer talespråkfjerne».

Det skal altså vera «32-bits maskin» (eller i teorien òg den 
forferdelege «32-bitars maskin», som Microsoft konsekvent brukar, men 
for meg høyrest ut som ei maskin som har gått i knas!). Eg har bruks 
«32-bits» i alle mine omsettingar og anbefaler det (altså framfor 
«32-bitars»).

Eg/me gjer tilsvarande for «byte», altså brukar fleirtalsforma «byte» 
(«det går 1024 byte i éin kibibyte») i staden for «bytar».


>    altså: du kan seie åttebitsmaskin eller
> trettitobitsmaskin - men det må heite "ei 32-bit maskin" (der "32-bit"
> er å rekne som eit adjektiv).

Nei, ein kan skriva «ei trettitobitsmaskin» eller «ei 32-bits maskin», 
men ikkje «ei 32-bit maskin».


> (ja, maskin er hankjønn i normert nynorsk.)

«Maskin» er normert som valfrit hankjønn eller hokjønn i nynorsk.


> forøvrig støttar eg Petter i at bit i datasamanheng er inkjekjønn.  "eg
> har satt eit bit".

Eg må innrømma at det er aller *første* gong eg har høyrt nokon brukt 
nøytrum på «bit». For meg er det heilt naturleg med hankjønn, «ein bit» 
(uttale: «ein bitt»), og «eit bit» høyrest ekstremt rart ut for meg.

Men det er kanskje regionale forskjellar her? Litt relatert har eg 
forresten inntrykk av at i Oslo er det mange som brukar inkjekjønn på 
«parameter» òg («et parameter»). Det riktige er hankjønn, både på bokmål 
og nynorsk («en parameter»/«éin parameter»).


-- 
Karl Ove Hufthammer


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.