[l10n-no] Backend

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fre 21. Apr 2023 14:07:19 PDT


JI Eriksen skreiv 21.04.2023 08:16:
> Forsøkte å søke opp andre oversettelser, uten hell. Endte opp med å 
> sjekke ChatGPT, som henviste til stillingsutlysninger der "baksystem" 
> ble brukt som oversettelse av backend. Denne oversettelsen har jeg mye 
> mer sansen for, og min bror var enig. Endret dermed alle "motor" og 
> "bakgrunnsmotor" til "baksystem" i oversettelsene min e i Discover og 
> System Settings.
>
> TL;DR: "baksystem" er en bedre oversettelse, synes jeg. Og da er 
> kanskje "frontsystem" et alternativ til "frontend". 

Dette kan vera heilt greie ord, men merk at det er snakk om heilt 
forskjellige konsept. Når ein snakkar om frontend-utviklarar og 
backend-utviklarar, er ikkje dette noko som er direkte relevant for for 
eksempel omsetjingar i KDE-programma.

Kort forklart programmerer ein frontend-utviklar det brukar ser og 
interagerer med. Er du frontend-utviklar for ein app som Vipps eller ei 
nettside som vy.no, programmerer du det som me brukarar forheld oss til, 
med knappar, menyar, interaktivitet og sånt. (Ein frontent-utviklar kan 
òg *designa* desse elementa, men for slike store selskap reknar eg med 
det er eigne designerar for dette, som ikkje nødvendigvis kan 
programmering.) Er du backend-utviklar, lagar du alt som skjer bak 
kulissene, dvs. kva som skjer *når* person trykker på dei ulike 
knappane. Eit slikt skilje teknisk mellom frontend og backend er av 
blant anna tekniske grunnar veldig lurt. Ein kan endra 
brukargrensesnittet fullstendig utan å (måtta) røra kva som skjer bak 
kulissene. Eller ein kan endra heilt kva som skjer bak kulissene, til ei 
betre eller raskare eller meir stabil eller meir skalerbar løysing, utan 
at brukaren treng å merka at noko er endra i det heile tatt, sidan 
brukarflata ser ut og fungerer heilt som før.

Men noko slik bruk orda «frontend» og «backend» trur eg ikkje førekjem i 
nokon av brukartekstane i KDE-programma, så kva me omset «frontend» og 
«backend» til i *den* samanhengen, er i utgangspunktet ikkje relevant.

I KDE-programma finn ein for eksempel tekstar som:

     No backend like hunspell/aspell/myspell installed

Her er «backend» eit program eller bibliotek for stavekontroll. På 
nynorsk har eg omsett det til:

     Ingen stavekontroll, som Hunspell/Aspell/MySpell, er installert

Kanskje ikkje så elegant formulert, men iallfall lett å forstå (meir enn 
den engelske originalteksten, vil eg påstå). Ingen grunn til å forvirra 
brukaren med info om at det manglar bakstykke, baksystem eller liknande.

I mange tekstar er det tekniske ordet «backend» brukt unødvendig, og det 
kan vera forvirrande og framandgjerande for brukaren. Viss «Choose 
database backend» for eksempel referer til eit val mellom MySQL, 
PostgreSQL og SQLite, kan ein godt kalla det berre «Vel type database» 
eller «Vel databasesystem» på norsk.


-- 
Karl Ove Hufthammer



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.