[l10n-no] LibreOffice omsett til nynorsk

Kolbjørn Stuestøl kolbjoern at stuestoel.no
Tor 5. Jan 2023 09:47:03 PST


LibreOffice UI og Help er nå 100 % omsett til nynorsk frå versjon 7.2 
til versjon 7.4, inkludert Master.
Vonleg vil omsetjingane kome med i neste oppdatering.

Eg har så langt eg har hugsa det, brukt tilrådingane i Fellesordlista 
<https://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html>, retningslinjene 
<https://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html>, Språkrådet pluss 
forslag frå medlemmer i dette forumet. Likevel er det nokså sikkert at 
det er mange feil, både skrivefeil, inkonsekvent språkbruk, 
misforståingar osv. Eg reknar ikkje med at nokon har tid til å 
korrekturlese all denne teksten, men om du bruker LibreOffice og finn 
feil anten i grensesnittet eller i hjelpesidene, hadde det vore fint om 
du sender ei melding om det til dette forumet eller til meg privat.

(Eg er klar over at Fellesordlista diverre ikkje blir oppdatert nå, men 
ho var til stor hjelp då ho var aktiv).

Vil tru at slike tilbakemeldingar også er ønskjeleg for 
bokmålsomsetjinga. Eg ser ein del feil der, men har ikkje skrivetilgang 
til filene der.

Helsing
Kolbjørn


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.