[l10n-no] LibreOffice omsett til nynorsk
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Ons 11. Jan 2023 13:29:18 PST
Eivind Ødegård skreiv 06.01.2023 10:00:
> Eg for min del har berre lyst til å takke deg for strålande godt
> arbeid gjennom mange år. Eg har ikkje finlese omsetjingane i nyaste
> utgåva, men synest generelt at språket i Libreoffice på di vakt har
> vore godt, presist og ikkje i vegen for bruken. Du er verdig nokre
> fortenestmedaljar i edelt metall for arbeidet du har gjort. Både eg
> sjølv og alle som bruker nynorsk har mykje å takke deg for.
Vil berre seia meg 100 % einig i det Eivind Ødegård skriv! Alltid kjekt
å sjå LibreOffice i nynorsk språkdrakt. Kolbjørn har gjort ein
kjempejobb med å laga ei veldig god omsetjing her. Og i dei *få*
tilfella eg har funne og meldt frå om skrivefeil e.l., har han alltid
vore kjapp med å retta opp.
I tilfelle folk ikkje er klar over kor mykje *arbeid* som ligg bak ei
slik omsetjing, har eg køyrt ein kjapp statistikk på omsetjingsfilene.
Den nynorske omsetjinga inneheld no 679 060 ord. Og om lag 3,7
*millionar* teikn (resultatet av omtrent like mange tastetrykk!).
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.