[l10n-no] «Likes» på norsk
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Søn 15. Jan 2023 03:13:40 PST
Kva skal me kalla «likes» på norsk? Alle veit vel kva det er snakk, men
viss ikkje:
https://en.wikipedia.org/wiki/Like_button
Det er veldig vanleg å kalla dette «likes» (altså uttalen «laiks») også
på norsk, men eg synest me bør bruka eit norsk ord i omsetjingane våre.
Eg føreslår «likarklikk» («likerklikk» på bokmål). Det er ganske nært
det engelske originalordet, følgjer norsk skrivemønster og er lett å
forstå. Det står òg i ordboka NAOB: https://naob.no/ordbok/likerklikk
Ein kunne sjølvsagt brukt «anbefalingar», «tilrådingar», «opp-stemmer»
(eller berre «stemmer»), «anerkjenningar» eller (på bokmål) «bifall».
Men det ligg ei litt anna vurdering i fleire av desse (ein *anbefaler*
ikkje nødvendigvis det ein legg inn eit likarklikk på), og dei er
fjernare frå den engelske originalteksten.
For spesifikke tenester/program kan ein sjølvsagt bruka meir spesifikke
ord, som «hjarter» eller «opp-tomlar».
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.