[l10n-no] Android og nynorsk
Leif Halvard Silli
verktystell at russisk.no
Tor 8. Feb 2024 12:54:03 PST
Nokre meir direkte kommentarar som går på sjølve Android-feilmeldinga,
sjå nedanfor.
Den 07.02.2024 21:24, skreiv Eivind Ødegård:
> Her var endeleg eit emne som eg nesten kan svara på, så eg takkar for
> at du tok det opp. Eg har prøvd å driva lobbyverksemd for nynorsk
> Android hjå mållaget i lang tid, så langt utan synderleg hell. Eg
> limer inn ein liten bete av det eg har skrive til noverande leiar
> Peder Lofnes Hauge. Mykje av dette er sjølvsagt kjent stoff for oss
> som driv med omsetjingar, men det kan kanskje òg forklara litt. Særleg
> oppmodar eg folk her på lista, det vil seia dei som har Google-konto
> (det har ikkje eg), til å røysta fram førespurnaden om nynorsk Android
> jfr. lenka under. Dersom då nokon har hug til å starta, er det berre å
> setja i gang. Det ser ikkje ut som me får hjelp av mållaget, så me må
> gjera det sjølve her òg.
Eg har no «røysta» ved å trykkja på +1-knappen øvst på sida. Men skal
ein få til noko, må ein nok gå inn djupare i saka, og koma med konkrete
framlegg om korleis ein kan oppnå __noko__, alt so for å skjøna kva slag
mogelegheiter som ligg innanfor den «logikken» som er gjeldande i det
konkrete problemløysingsuniverset ...
Eg la til dømes merke til at einkvan poengterte at feilmeldinga berre
handla om å gjera det mogeleg med nynorsk utan at sjølve
nynorskomsetjinga låg/ligg føre.
Det kan difor kanskje vera at det __ville hjelpt__ å ha
nynorskomsetjinga klar, for å seia på den måten. (Men om det finst nokon
måte å byrja eit slikt prosjekt på – som deretter kunne inkorporerast i
Android, det veit eg ikkje.)
Programmerarar har kanskje ein (ikkje heilt usunn) aversjon mot å løysa
prinsippielle ting på eit reint prinsippielt plan, eller koss eg skal
seia det ... Ein kunne jo tenkt seg at dei sa ja til å løysa feilen, men
så ville det likevel ikkje skjedd noko før nynorskomsetjinga låg føre ...
> Reint konkret kan du sjå på ein av førespurnadene om nynorsk Android her:
>
> https://issuetracker.google.com/issues/160714156
Men elles ser at eg har sagt mykje tull om korleis «appspråk» fungerer:
Det er faktisk mange appar som støttar «appspråk» ser det ut til. Men
det ser, igjen, ut til at det berre er dei «offiselle» Android-språka
som er tilgjengeleg der ...
Leif
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.