[l10n-no] Android og nynorsk

Leif Halvard Silli verktystell at russisk.no
Lør 10. Feb 2024 12:29:45 PST


Den 09.02.2024 21:45, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Leif Halvard Silli skreiv 08.02.2024 21:25:
>> Men Mac tillet oss å velja kva målform me vil som føredregen målform, 
>> irekna nynorsk. Iallfall tilett Mac oss å velja nynrosk. Om du då vel 
>> nynorsk som prioritert målform, skal programma opna seg med nynorsk 
>> grensesnitt med meir.
>>
>> Android fylgjer ikkje dette prinsippet - iallfall ikkje for fleire 
>> enn det utvalet av målformer som dei støttar.
>
> Android følgjer dette prinsippet, og dette har fungert heilt fint for 
> nynorsk i *mange* år. Sjølv om sjølve Android-brukarflata ikkje er 
> omsett til nynorsk, er det ein god del Android-appar som er det, og 
> dei kjem automatisk opp på nynorsk.

Det høyrest ut som du hevdar at dette framleis fungerer. Eller ymtar du 
at det har slutta å fungera? At nynorskstøtta har vorte dårlegare?

Om du vil vita kvifor eg ikkje får det til, med Android 13: Det eg gjer, 
når eg prøver å få dette til, er at eg opnar «Innstillinger» (som appen 
heiter på bokmål) og så opnar eg «System» og so opnar eg «Språk og 
inndata» – og då er «Foretrukket språk» toppoverskrifta du får, med to 
punkt på menyen:

1. I undervalet «Språk» kan ein velja føretrekt språk for 
systemgrensensnittet. Frå før står det «Norsk bokmål» som fyrste val, og 
så kan ein trykkja på «Legg til et språk» for å fleire/andre språk». Men 
på i tilbodslista med språk ein kan velja, er «norsk nynorsk» ikkje å finna.

2. Det andre undervalet heiter «Språk i appen», som ser ut til å tilby 
cirka like mykje nynorsk som undervalet «Språk» (men kanskje må eg testa 
dette på ein app som eg er sikker på at __både__ har nynorsk grensesnitt 
innebygd __og__ som i tillegg støttar «Språk i appen», før eg kan seia 
noko sikkert om korleis dette fungerer.

Leif Halvard Silli



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.