[l10n-no] Citation & Quotations

Kolbjørn Stuestøl kolbjoern at stuestoel.no
Ons 6. Mai 2020 13:09:22 PDT


I LibreOffice er "citation" og "quotations" er begge omsette med «sitat» 
på bokmål og nynorsk. Fekk nettopp melding frå ein av utviklarane om at 
dette må vere to ulike ord. At dei er like, skaper problem for 
automatikken som lagar hjelpesidene slik at dei engelske orda blir 
brukte i staden for «sitat» i den norske omsetjinga.

Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at vi 
kan setje dei om med to ulike norske ord?
Kva passar i tilfelle best?
Citation -> ?
Quotations -> ?

Eg finn ingen eksempel der desse orda er brukte i LibreOffice. Er truleg 
namn på såkalla stilar. Då er det i tilfelle forståeleg at dei må vere 
ulike.

Kolbjørn



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.