[l10n-no] Citation & Quotations
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Tor 7. Mai 2020 02:36:09 PDT
Kjetil Torgrim Homme skreiv 06.05.2020 23:21:
>> Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at
>> vi kan setje dei om med to ulike norske ord?
>> Kva passar i tilfelle best?
>> Citation -> ?
>> Quotations -> ?
> eg tenkjer i utgangspunktet at "citation" er "referanse" eller
> "kjeldehenvisning", og "quotation" er "sitat", men det kan variere med
> kontekst.
Ja. «Citation» er her ein «falsk venn» og tyder *ikkje* sitering, men
altså ein referanse til eit eksternt verk, for eksempel Aasen (1873).
Detaljar om referansen står då typisk på slutten av dokumentet, under
overskrifta «Litteraturliste», «Litteratur», «Kjeldeliste», «Kjelder»,
«Referanseliste», «Referansar» eller «Bibliografi».
Når eg omsette TeXworks til nynorsk, omsette eg «Insert Citation...» til
«Set inn kjeldereferanse …». Ein kan òg kalla det berre «referanse» på
norsk, men i den samanhengen syntest eg det var klarare om eg hadde med
«kjelde-».
«Quotation» er nok sitat. Men i økonomisk samanheng kan det òg tyda
pristilbod/anbod.
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.