[l10n-no] Navn på (inverse) trigonometriske funksjoner i LibreOffice Calc
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Fre 8. Mai 2020 14:05:00 PDT
Kjetil Torgrim Homme skreiv 08.05.2020 23:12:
> snakkar du om namn på funksjonane eller er dette frå hjelpetekster?
> sidan du brukar store bokstavar, reknar eg eigentleg med fyrstnemnte.
> eg ville fulgt Excel. gjerne engelsk Excel, eg ser ikkje noko poeng å
> finne opp hjulet på nytt, og det gjer ikkje livet lettare for brukarane
> at dei må skrive ACOS i nynorsk LibreOffice og ARCCOS i engelsk Excel.
Det må dei heller ikkje. Dei må skriva ACOS i engelsk Excel, ACOS i
engelsk LibreOffice og ACOS i nynorsk LibreOffice. Det er Excel på
bokmål som skil seg ut med ARCCOS. (I Excel på nynorsk heiter det ACOS.)
Det er vanleg i (*veldig* mange) programmeringsspråk at funksjonane
heiter acos osv., så det vert lettare for dei fleste om me held oss til det.
> i fritekst ville eg skrive "arcus cosinus".
Dette vert då frykteleg gammaldags. I våre dagar seier me vel «invers
cosinus» eller «cosinus invers» på norsk. Men eg skal innrømma at «arcus
tangens hyperbolicus» har ein viss schwung over seg. :)
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.