[l10n-no] Dock(ers) på norsk
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Lør 9. Mai 2020 01:47:51 PDT
I fellesordlista er substantivet «dock» oppført med omsetjinga
«samlevindu». Men dette er ei omsetjing som omtrent ikkje er i bruk (eg
fann nøyaktig eitt treff i omsetjingane eg har tilgang til, på bokmål),
så det er ikkje problematisk å endra omsetjinga.
Ein «dock», av og til kalla «docker», er eit frittflytande panel (med
ulike knappar og andre skjermelement) i brukarflata i eit program. Men
eit viktig poeng er at panelet kan «setjast i dokk», dvs. festast til
kanten av programvindauget eller til andre «dock(er)s».
I teikneprogrammet Krita, som er bygd opp på bruk av «dockers», har eg
tidlegare omsett det med «dokk». Det er litt uheldig, blant anna fordi
det er eit hokjønnsord, og vert vist som «Dokker» i menyen (kan
misoppfattast til å vera ein referanse til leikedokker?). Det er òg
vanskeleg å intuitivt fatta meininga bak (men det gjeld òg på engelsk).
Og strengt tatt burde det vera der panelet vert *festa* (programkanten)
som er «dokka», ikkje sjølve panelet.
Eit alternativ kunne vera «flytpanel». Men ofte er jo nettopp panela
dokka til ei side; dei flyt ikkje. Og det er ein fordel om ordet «dokk»
er med, då det er lettare å kopla det til det engelske orginalordet (når
ein les engelsk dokumentasjon, ser videoar om programmet osv.).
Så mitt forslag er «dokkpanel». Det er relativt kort, det gjer det klart
at det er snakk om eit «panel», det viser til at panelet kan
dokkast/festast og det inneheld *ordet* «dokk», tilsvarande engelske det
engelske «dock(er)».
Synspunkt?
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.