[l10n-no] Dock(ers) på norsk

Thomas Gramstad thomas.gramstad at ub.uio.no
Lør 9. Mai 2020 18:04:07 PDT


Tja -- dokkpanel er ikke dårlig, men jeg er usikker på om det er 
nødvendig. Dock/dokk er intuitivt for meg, men mulig det bare er 
meg/blitt vant til det. Det er mulig å skille ord som ligner 
hverandre ved bevisst valg av kjønn. For å skille fra "ei dokke" 
kan en være bevisst på å bruke "e(i)n dokk", altså hankjønn. 
Ubestemt flertall skal vel godt gjøres å blande sammen, 
kontekstene for de to ordene vil jo være veldig forskjellige?

-- 
Thomas Gramstad
thomas at gramstad.no
"Briefly, nothing and nobody in the Culture is exploited."  -- Iain M Banks


On Sat, 9 May 2020, Karl Ove Hufthammer wrote:

> I fellesordlista er substantivet «dock» oppført med omsetjinga «samlevindu». 
> Men dette er ei omsetjing som omtrent ikkje er i bruk (eg fann nøyaktig eitt 
> treff i omsetjingane eg har tilgang til, på bokmål), så det er ikkje 
> problematisk å endra omsetjinga.
>
> Ein «dock», av og til kalla «docker», er eit frittflytande panel (med ulike 
> knappar og andre skjermelement) i brukarflata i eit program. Men eit viktig 
> poeng er at panelet kan «setjast i dokk», dvs. festast til kanten av 
> programvindauget eller til andre «dock(er)s».
>
> I teikneprogrammet Krita, som er bygd opp på bruk av «dockers», har eg 
> tidlegare omsett det med «dokk». Det er litt uheldig, blant anna fordi det er 
> eit hokjønnsord, og vert vist som «Dokker» i menyen (kan misoppfattast til å 
> vera ein referanse til leikedokker?). Det er òg vanskeleg å intuitivt fatta 
> meininga bak (men det gjeld òg på engelsk). Og strengt tatt burde det vera 
> der panelet vert *festa* (programkanten) som er «dokka», ikkje sjølve 
> panelet.
>
> Eit alternativ kunne vera «flytpanel». Men ofte er jo nettopp panela dokka 
> til ei side; dei flyt ikkje. Og det er ein fordel om ordet «dokk» er med, då 
> det er lettare å kopla det til det engelske orginalordet (når ein les engelsk 
> dokumentasjon, ser videoar om programmet osv.).
>
> Så mitt forslag er «dokkpanel». Det er relativt kort, det gjer det klart at 
> det er snakk om eit «panel», det viser til at panelet kan dokkast/festast og 
> det inneheld *ordet* «dokk», tilsvarande engelske det engelske «dock(er)».
>
> Synspunkt?
>
>
>


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.