[l10n-no] Finans: touch / no-touch option

Kolbjørn Stuestøl kolbjoern at stuestoel.no
Fre 29. Mai 2020 12:47:47 PDT


Eg held på med å omsetje reknearkdelen av LibreOffice. Nokre av 
funksjonsnamna er brukte i finans, eit fag eg ikkje har peiling på. 
Difor kjem eg truleg tilbake med fleire spørsmål, men kan byrje med dette:
        "OPT_TOUCH":  "Returns the pricing of a touch / no-touch option, 
calculated using the Black-Scholes option pricing model."

Eg fann ei fyldig forklaring på touch i finansiell samanheng på 
https://www.investopedia.com/terms/o/onetouchoption.asp, men kva heiter 
dette på norsk? Eller er bruksområdet så lite at det ikkje treng omsetjing?
Fann ingenting om dette i https://oda.uib.no/app og heller ikkje på 
Excel sine nettsider. (Eg har ikkje Excel, så eg kan ikkje prøve om det 
finst der i ei eller anna form).

OPT er forkorting for "option" («opsjon»). OPT er såleis ikkje logisk på 
norsk. Bør kanskje heite OPSJON_?

Hadde ute eit spørsmål i i18n-no at lister.ping.uio.no i 2013 der denne og 
andre OPT_-funksjonar blei nærare forklart, men fann ingen svar i 
arkivet. Kanskje emnet er for spesielt?

Dei andre tre OPT_-funksjonane er omsette slik på bokmål (merk nokre 
feil) og nynorsk:
OPT_BARRIER → OPT_GRENSE → OPT_GRENSE,
OPT_PROB_HIT → OPT_SANNSYNLEG_TREFF → OPT_SANNSYNLEG_TREFF, (NB! Skale 
vere SANNSYNL_*I*_G)
OPT_PROB_INMONEY → OPT_SANNSYNLEG_I_PENGAR → OPT_SANNSYNLiG_I_PENGER 
(NB! Feil «i»).
Eg hugsar ikkje korleis eg kom fram til desse forslaga.

Det einaste for meg kjende språket funksjonen OPT_TOUCH er omsett er 
dansk. Der har dei brukt OPTION_BERØR. Vi har jo tøtsj på norsk :-)

Helsing
Kolbjørn



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.