[l10n-no] Omsetjing av «hardware key»
Øystein Steffensen-Alværvik
oysteins.omsetting at protonmail.com
Tir 25. Jan 2022 05:29:24 PST
Hei,
Eg har byrja så smått å omsetja passordprogrammet KeePassXC til nynorsk, og eg lurer på om de har forslag til omsetjing av «hardware key». Eg vurderer å direkteomsetja til «maskinvarenøkkel», men dersom det er konsensus kring eit betre ord er det flott.
Eg ser at det i programmet er éin tekst som brukar «security dongle» i staden for «hardware key» («Remember database key files and security dongles»). Dette er det samme. Kva plar de gjera i omsetjinga når det er to forskjellege omgrep med samme tyding? Føretrekk de å vera konsekvent og bruka éi omsetting, eller følgjer de kjeldeteksten og brukar to forskjellege?
Det er også eit par tekstar med «hardware token», som verkar å vera autentiseringskoden som vert sende til PC-en/eininga når ein koplar til «hardware key». Er open for forslag her òg.
For dei som ikkje veit kva dette er, er det snakk om ei brikke som ein koplar til PC-en (eller anna eining) for å bruka som tofaktorautentisering. Det er her snakk om Yubikey og Onlykey (meir om Yubikey her: https://www.yubico.com/products/).
Eg var sikker på at dette vart diskutert i listene tidlegare, men kunne ikkje finna noko no då eg søkte. Kan heller ikkje finna noko i Stor norsk–engelsk eller omsetjingsdatabasane (i KDE og https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nn/).
Øystein
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.