[l10n-no] Omsetjing av «hardware key»

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tir 25. Jan 2022 14:22:43 PST


Øystein Steffensen-Alværvik skreiv 25.01.2022 14:29:
> Eg har byrja så smått å omsetja passordprogrammet KeePassXC til nynorsk, og eg lurer på om de har forslag til omsetjing av «hardware key». Eg vurderer å direkteomsetja til «maskinvarenøkkel», men dersom det er konsensus kring eit betre ord er det flott.

Eg synest i utgangspunktet «maskinvarenøkkel» er heilt greitt. Då 
forstår folk som kjenner det engelske ord, automatisk det norske òg. Men 
sjå nedanfor.


> Eg ser at det i programmet er éin tekst som brukar «security dongle» i staden for «hardware key» («Remember database key files and security dongles»). Dette er det samme. Kva plar de gjera i omsetjinga når det er to forskjellege omgrep med samme tyding? Føretrekk de å vera konsekvent og bruka éi omsetting, eller følgjer de kjeldeteksten og brukar to forskjellege?

Eg pleier konsekvent utjamne (som det heiter). Hugs at eit program 
gjerne er skriven over mange år, av mange forskjellige utviklarar. Då er 
det lett for at originaltekstane vert inkonsistente. Det er ingen grunn 
at omsetjingane òg skal vera det.


> Det er også eit par tekstar med «hardware token», som verkar å vera autentiseringskoden som vert sende til PC-en/eininga når ein koplar til «hardware key». Er open for forslag her òg.

Det vel snakk om fleire ulike ting her. Du har dongle-en (har òg sett 
«dongelen» på norsk), som er sjølve den fysiske eininga. Det er noko som 
går tilbake til 80-talet, då dei vart (forsøkt) brukt til å hindra 
piratkopiering av programvare. (Ein måtte ha den fysiske eininga 
tilkopla maskina for å kunna køyra programmet.) Og så har du det denne 
eininga *leverer* eller *genererer*, eks. nøklar, kodar e.l.

Eg ser Microsoft brukar anten «dongle», «kort» eller «maskinvarelås» som 
omsetjing av «dongle». Ei norsk bok frå 1985 (!) brukar «sikringsenhet». 
Då var det snakk om donglar for å hindra piratkopiering, og det er nok 
det Microsoft meiner når dei skriv «maskinvarelås» («dongle» er òg 
omtalt som «hardware lock» i denne boka).

For «hardware token» brukar Microsoft «maskinvaretoken». I norsk 
samanheng er vel kodebrikkene ein får frå banken, det beste eksempelet 
på dette. Men det er altså snakk om den fysiske eininga her, ikkje 
koden. Men det er vel gjerne slik at terminologien ikkje er spesielt 
stringent, så ein brukar eitt ord om fleire ulike ting?

For vanlege «(software) tokens», synest eg faktisk «pollett» er ei god 
omsetjing. Det er jo omtrent ordboksdefinisjonen av kva ein «pollett» er.

Elles er «security key»/«sikkerhetsnøkkel» også ord som vert brukte. Det 
brukar ein både om den fysiske eininga og nøkkelen/funksjonaliteten 
denne gjev. Ein kan for eksempel seia at sjølve Yubikey-en *er* ein slik 
nøkkel, men ein kan òg seia at ein *har* ein slik nøkkel innebygd i for 
eksempel telefonen sin.

Så oppsummert er vel «maskinvarenøkkel» heilt greitt. Det synest 
iallfall eg. :)


-- 
Karl Ove Hufthammer



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.