[l10n-no] Omsetjing av «hardware key»

Øystein Steffensen-Alværvik oysteins.omsetting at protonmail.com
Tor 27. Jan 2022 02:52:38 PST


Takk for kommentar! Einig i at «maskinvarenøkkel» vert den beste omsetjinga av «hardware key», særleg med tanke på, som du skriv, at dei som brukar Yubikey o.l. allereie vil vera kjend med omgrepet på engelsk (ikkje akkurat vanskeleg å gjetta kva det er ut frå samanhengen heller).

Elles er KeePassXC litt meir utfordrande å omsetja enn eg første trudde. Det er ein funksjonsrik passordhandsamar. Og ein del av tekstane som skal forklara dei forskjellege funksjonane er upresise, så dei bør testast før ein kan vera trygg på at omsetjingane vert korrekte. (Heldigvis verkar det som at nye språk ikkje vert tekne med i programmet før dei er 100 % ferdig omsette, så brukarar slepp i første omgang å verta serverte med ei delvis omsetjing).

Øystein

------- Original Message -------

On Tuesday, January 25th, 2022 at 22:22, Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org> wrote:

> Øystein Steffensen-Alværvik skreiv 25.01.2022 14:29:
>
> > Eg har byrja så smått å omsetja passordprogrammet KeePassXC til nynorsk, og eg lurer på om de har forslag til omsetjing av «hardware key». Eg vurderer å direkteomsetja til «maskinvarenøkkel», men dersom det er konsensus kring eit betre ord er det flott.
>
> Eg synest i utgangspunktet «maskinvarenøkkel» er heilt greitt. Då
>
> forstår folk som kjenner det engelske ord, automatisk det norske òg. Men
>
> sjå nedanfor.
>
> > Eg ser at det i programmet er éin tekst som brukar «security dongle» i staden for «hardware key» («Remember database key files and security dongles»). Dette er det samme. Kva plar de gjera i omsetjinga når det er to forskjellege omgrep med samme tyding? Føretrekk de å vera konsekvent og bruka éi omsetting, eller følgjer de kjeldeteksten og brukar to forskjellege?
>
> Eg pleier konsekvent utjamne (som det heiter). Hugs at eit program
>
> gjerne er skriven over mange år, av mange forskjellige utviklarar. Då er
>
> det lett for at originaltekstane vert inkonsistente. Det er ingen grunn
>
> at omsetjingane òg skal vera det.
>
> > Det er også eit par tekstar med «hardware token», som verkar å vera autentiseringskoden som vert sende til PC-en/eininga når ein koplar til «hardware key». Er open for forslag her òg.
>
> Det vel snakk om fleire ulike ting her. Du har dongle-en (har òg sett
>
> «dongelen» på norsk), som er sjølve den fysiske eininga. Det er noko som
>
> går tilbake til 80-talet, då dei vart (forsøkt) brukt til å hindra
>
> piratkopiering av programvare. (Ein måtte ha den fysiske eininga
>
> tilkopla maskina for å kunna køyra programmet.) Og så har du det denne
>
> eininga leverer eller genererer, eks. nøklar, kodar e.l.
>
> Eg ser Microsoft brukar anten «dongle», «kort» eller «maskinvarelås» som
>
> omsetjing av «dongle». Ei norsk bok frå 1985 (!) brukar «sikringsenhet».
>
> Då var det snakk om donglar for å hindra piratkopiering, og det er nok
>
> det Microsoft meiner når dei skriv «maskinvarelås» («dongle» er òg
>
> omtalt som «hardware lock» i denne boka).
>
> For «hardware token» brukar Microsoft «maskinvaretoken». I norsk
>
> samanheng er vel kodebrikkene ein får frå banken, det beste eksempelet
>
> på dette. Men det er altså snakk om den fysiske eininga her, ikkje
>
> koden. Men det er vel gjerne slik at terminologien ikkje er spesielt
>
> stringent, så ein brukar eitt ord om fleire ulike ting?
>
> For vanlege «(software) tokens», synest eg faktisk «pollett» er ei god
>
> omsetjing. Det er jo omtrent ordboksdefinisjonen av kva ein «pollett» er.
>
> Elles er «security key»/«sikkerhetsnøkkel» også ord som vert brukte. Det
>
> brukar ein både om den fysiske eininga og nøkkelen/funksjonaliteten
>
> denne gjev. Ein kan for eksempel seia at sjølve Yubikey-en er ein slik
>
> nøkkel, men ein kan òg seia at ein har ein slik nøkkel innebygd i for
>
> eksempel telefonen sin.
>
> Så oppsummert er vel «maskinvarenøkkel» heilt greitt. Det synest
>
> iallfall eg. :)
>
>
> --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
>
> Karl Ove Hufthammer
>
> E-postlista l10n-no
>
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.