[l10n-no] Ordelingslister
Leif H Silli
verktystell at russisk.no
Søn 30. Jan 2022 13:24:48 PST
Javisst. Det du nemner har med (programmerings)logikk å gjera. Eg veit
ikkje om dei vanlege, kjeldeopne orddelingslister er i stand til å
handtera slike ting ...
PS: Litt godt at du skreiv «odeling», ettersom eg sjølv jo har prestert
å skriva «ordeling» – som jo er noko anna enn «orddeling» … ha, ha …
Leif Halvard Silli
Den 2022-01-30 19:12 skreiv Arno Teigseth:
> NB
> Kan være du trenger mer logikk enn bare en odliste her, i tilfeller med
> trippelkonsonant: trekkraft
>
> Trekk-
> kraft
>
> :)
> Mvh
> Arno
>
> On Sun, Jan 30, 2022, 13:04 Leif H Silli <verktystell at russisk.no>
> wrote:
>
>> Hei
>>
>> 1. Kva er den (mest) autoratative staden å lasta ned ordlister for
>> ordeling ifrå? (Hyphenation-ordlister)
>>
>> 2. Eg har prøvd å lasta ned ordlister frå no.speling.org, men den sida
>> er nett no utilgjengeleg. Er dette permanent?
>>
>> 3. Framlegg/Ide: Eg saknar ei slags «testrekke» («test suite») for
>> bokmål og nynorsk hyphenation/ordeling. Eg skal forklara behovet med
>> eit
>> bruksdøme:
>>
>> Eg har nett no henta ned hyphenation-lister for bokmål og nynorsk ifrå
>> tug.ctan.org[1]. So har eg installert listene, etter beste evne,
>> forsøksvis med nokre tilpassingar, slik programmet mitt (Prince XML)
>> kravde. So har eg prøvd å ta dette i bruk. Med det resultat at eg ser
>> at, ja, orddeling skjer. Men eg forstår ikkje utan vidare om den
>> orddelinga som skjer fylgjer norske orddelingsreglar, eller om det
>> berre
>> er engelsk orddeling applisert på norsk tekst eg ser. I tilfelle det
>> siste, kan feilen anten liggja i ordlistene ifrå tug.ctan.org … eller
>> det Prince XML som fell tilbake til å nytta engelsk orddeliste, i
>> mangel
>> på (korrekt installert) norske orddelingslister.
>>
>> Ei slik tekstrekke/testsuite burde ha nokon dømetekstar, der kvar
>> tekst
>> skulle vera delt i to like tekstar, der den eine sida skulle vera utan
>> orddeling, medan den andre skulle ha (manuell/fast/hard) orddeling.
>> Når
>> ein så køyrer testteksten i sitt eige program, skal teksten utan
>> manuell/fast/hard orddeling verta sjåande ut på same måte som teksten
>> med manuell/fast/hard orddeling.
>>
>> Ei god tekstsuite må ha ord som gjev attkjennelege utslag. Og sidan
>> norsk orddeling vel kan utførast på litt ulike måtar, må ei slik
>> testsuite helst implementera fleire orddelingsmåtar/-alternativ …
>> eller
>> i det minste dokumentera den bestemte orddelingsmåten som er forsøkt
>> teke implementert.
>>
>> [1]
>>
>> http://tug.ctan.org/tex-archive/language/hyph-utf8/tex/generic/hyph-utf8/patterns/txt/
>>
>> Beste helsing
>> Leif Halvard Silli
>> _______________________________________________
>> E-postlista l10n-no
>> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>>
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.