[l10n-no] Ordelingslister

Arno Teigseth arnotixe at gmail.com
Søn 30. Jan 2022 10:12:02 PST


NB
Kan være du trenger mer logikk enn bare en odliste her, i tilfeller med
trippelkonsonant: trekkraft

Trekk-
kraft

:)
Mvh
Arno

On Sun, Jan 30, 2022, 13:04 Leif H Silli <verktystell at russisk.no> wrote:

> Hei
>
> 1. Kva er den (mest) autoratative staden å lasta ned ordlister for
> ordeling ifrå? (Hyphenation-ordlister)
>
> 2. Eg har prøvd å lasta ned ordlister frå no.speling.org, men den sida
> er nett no utilgjengeleg. Er dette permanent?
>
> 3. Framlegg/Ide: Eg saknar ei slags «testrekke» («test suite») for
> bokmål og nynorsk hyphenation/ordeling. Eg skal forklara behovet med eit
> bruksdøme:
>
> Eg har nett no henta ned hyphenation-lister for bokmål og nynorsk ifrå
> tug.ctan.org[1]. So har eg installert listene, etter beste evne,
> forsøksvis med nokre tilpassingar, slik programmet mitt (Prince XML)
> kravde. So har eg prøvd å ta dette i bruk. Med det resultat at eg ser
> at, ja, orddeling skjer. Men eg forstår ikkje utan vidare om den
> orddelinga som skjer fylgjer norske orddelingsreglar, eller om det berre
> er engelsk orddeling applisert på norsk tekst eg ser. I tilfelle det
> siste, kan feilen anten liggja i ordlistene ifrå tug.ctan.org … eller
> det Prince XML som fell tilbake til å nytta engelsk orddeliste, i mangel
> på (korrekt installert) norske orddelingslister.
>
> Ei slik tekstrekke/testsuite burde ha nokon dømetekstar, der kvar tekst
> skulle vera delt i to like tekstar, der den eine sida skulle vera utan
> orddeling, medan den andre skulle ha (manuell/fast/hard) orddeling. Når
> ein så køyrer testteksten i sitt eige program, skal teksten utan
> manuell/fast/hard orddeling verta sjåande ut på same måte som teksten
> med manuell/fast/hard orddeling.
>
> Ei god tekstsuite må ha ord som gjev attkjennelege utslag. Og sidan
> norsk orddeling vel kan utførast på litt ulike måtar, må ei slik
> testsuite helst implementera fleire orddelingsmåtar/-alternativ … eller
> i det minste dokumentera den bestemte orddelingsmåten som er forsøkt
> teke implementert.
>
> [1]
>
> http://tug.ctan.org/tex-archive/language/hyph-utf8/tex/generic/hyph-utf8/patterns/txt/
>
> Beste helsing
> Leif Halvard Silli
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.