[l10n-no] Ordelingslister

Leif H Silli verktystell at russisk.no
Søn 30. Jan 2022 10:04:06 PST


Hei

1. Kva er den (mest) autoratative staden å lasta ned ordlister for 
ordeling ifrå? (Hyphenation-ordlister)

2. Eg har prøvd å lasta ned ordlister frå no.speling.org, men den sida 
er nett no utilgjengeleg. Er dette permanent?

3. Framlegg/Ide: Eg saknar ei slags «testrekke» («test suite») for 
bokmål og nynorsk hyphenation/ordeling. Eg skal forklara behovet med eit 
bruksdøme:

Eg har nett no henta ned hyphenation-lister for bokmål og nynorsk ifrå 
tug.ctan.org[1]. So har eg installert listene, etter beste evne, 
forsøksvis med nokre tilpassingar, slik programmet mitt (Prince XML) 
kravde. So har eg prøvd å ta dette i bruk. Med det resultat at eg ser 
at, ja, orddeling skjer. Men eg forstår ikkje utan vidare om den 
orddelinga som skjer fylgjer norske orddelingsreglar, eller om det berre 
er engelsk orddeling applisert på norsk tekst eg ser. I tilfelle det 
siste, kan feilen anten liggja i ordlistene ifrå tug.ctan.org … eller 
det Prince XML som fell tilbake til å nytta engelsk orddeliste, i mangel 
på (korrekt installert) norske orddelingslister.

Ei slik tekstrekke/testsuite burde ha nokon dømetekstar, der kvar tekst 
skulle vera delt i to like tekstar, der den eine sida skulle vera utan 
orddeling, medan den andre skulle ha (manuell/fast/hard) orddeling. Når 
ein så køyrer testteksten i sitt eige program, skal teksten utan 
manuell/fast/hard orddeling verta sjåande ut på same måte som teksten 
med manuell/fast/hard orddeling.

Ei god tekstsuite må ha ord som gjev attkjennelege utslag. Og sidan 
norsk orddeling vel kan utførast på litt ulike måtar, må ei slik 
testsuite helst implementera fleire orddelingsmåtar/-alternativ … eller 
i det minste dokumentera den bestemte orddelingsmåten som er forsøkt 
teke implementert.

[1] 
http://tug.ctan.org/tex-archive/language/hyph-utf8/tex/generic/hyph-utf8/patterns/txt/

Beste helsing
Leif Halvard Silli


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.