[l10n-no] «Likes» på norsk

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Søn 15. Jan 2023 07:52:17 PST


Kolbjørn Stuestøl skreiv 15.01.2023 14:27:
>>> Eg føreslår «likarklikk» («likerklikk» på bokmål).
>> En ulempe med dette er at det er veldig knyttet opp mot en spesifikt
>> grensesnittprentasjon av nettsider.  'klikk' henspeiler å bruk av
>> musklikk.  Blinde bruker ikke mus, og tekstbaserte nettlesere styres
>> typisk med tastetrykk.  Har ikke noe bedre forslag.
>
> Kunne ut frå dette føreslå «Likartrykk», som dekker også desse 
> tilfella --- trur eg. Kan trykke med både tastatur og mus. Veit 
> likevel ikkje om det vil slå betre an enn «Likarklikk».

Nei, til det er nok «likarklikk»/«likerklikk» for etablert. Så sjølv om 
det ikkje er heilt «logisk», meiner eg «likarklikk» er *akseptabelt* òg 
når ein brukar fingeren eller tastaturet til å gje det (når ein i 
framtida kan gje det berre ved å stirra, kan det heller kallast 
«likarblikk»). Det er nok av ord i norsk som vert brukte i ei meir vid 
eller smal tyding enn den bokstavlege. (For eksempel inneheld ordbøker 
ikkje berre *ord*, men uttrykk og forkortingar òg.)

Når det er sagt, så prøver me (jf. dei språklege retningslinjene våre) å 
unngå å bruka «klikk» i *brukargrensesnitt­samanheng*, med mindre det er 
snakk om noko som berre gjeld mus/styrekuler. Gode alternativ der er 
«trykk», «bruk» eller «vel» («velg» på bokmål). Men dette er altså ikkje 
i vegen for at me kan bruka «likarklikk» i ei vid tyding (for både 
klikk, fingertrykk, tasting osv.).


-- 
Karl Ove Hufthammer


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.