[l10n-no] Android og nynorsk
Øystein Alværvik
epost at stalva.no
Tir 6. Feb 2024 08:02:26 PST
Android er ikkje omsett til nynorsk, men du kan justere kva for språk systemet skal føretrekke for appar. Opne appen «Innstillinger», vel «System» og så «Språk».
Her kan du velje nynorsk som systemspråk. Appar får tilgang til denne språklista og vil då kunne sjå at du føretrekker nynorsk. Dei vil kunne vise deg den nynorske omsettinga dersom denne eksisterer.
I same meny har du også eit val om å endre språket for kvar einskild app. Ikkje alle appar støttar dette.
Øystein Alværvik
Nokre appar let deg endre språket direkte i appen.
-------- Original Message --------
On 2/6/24 14:37, Leif H Silli <verktystell at russisk.no> wrote:
> Hei
>
> Dette er utanfor føremålet med lista, men er det nokon som veit om eller
> korleis ein kan få nynorsk på Android på systemnivå? Skulle i det minste
> gjerne ha kunns valt at spor som finst med nynorsk drakt også køyrer med
> nynorsk app.
>
> Døme: RememyTheMilk har nynorsk drakt, men eg fær ikkje til å ta drakta
> i bruk.
>
> Eg nyttar Firefox på nynorsk men det er fordi Firefox kjem i ei eiga,
> nedlastbar nynorsk utgåve.
>
> L
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.