[l10n-no] Android og nynorsk
Eivind Ødegård
eivind.odegard at sogn.no
Ons 7. Feb 2024 12:24:29 PST
Hei!
Her var endeleg eit emne som eg nesten kan svara på, så eg takkar for at
du tok det opp. Eg har prøvd å driva lobbyverksemd for nynorsk Android
hjå mållaget i lang tid, så langt utan synderleg hell. Eg limer inn ein
liten bete av det eg har skrive til noverande leiar Peder Lofnes Hauge.
Mykje av dette er sjølvsagt kjent stoff for oss som driv med
omsetjingar, men det kan kanskje òg forklara litt. Særleg oppmodar eg
folk her på lista, det vil seia dei som har Google-konto (det har ikkje
eg), til å røysta fram førespurnaden om nynorsk Android jfr. lenka
under. Dersom då nokon har hug til å starta, er det berre å setja i
gang. Det ser ikkje ut som me får hjelp av mållaget, så me må gjera det
sjølve her òg.
Beste helsing Eivind Ø.
----------------
Som du veit, er Android open kjeldekode. Det tyder i prinsippet at kven
som helst kan endre programvara slik dei vil, men Google har styringa
over det som skjer med dei offisielle utgåvene som ber namnet Android
(det finst altså andre utgåver som ber andre namn, LineageOS er den mest
kjende). Den måten endringar skjer på, er at brukarar sender inn
spørsmål om kva funksjonar dei vil ha. I dette tilfellet tyder det at
til dømes mållagsmedlemer som har ein Gmail-konto, går inn på ei
nettadresse og røystar over eller kommenterer på at dei vil ha nynorsk
Android. Dersom mange nok personar gjer det, vil Google etter alt å døme
leggje til rette for at nynorsk kan leggjast til som språk i offisielle
utgåver av Android, og dermed i alle andre utgåver òg.
Neste steg er då at omsetjarar med Google-konto går inn og gjer
omsetjingsarbeidet. Android er ikkje eit lite prosjekt, og det er for
mykje å vente at til og med entusiastiske enkeltpersonar skal kunne ta
seg av det. Det er eit stort stykke programvare, og omsetjing krev ein
del kunnskap om programvareutvikling.
Reint konkret kan du sjå på ein av førespurnadene om nynorsk Android her:
https://issuetracker.google.com/issues/160714156
Du ser at aktiviteten i desse sakene er nokså liten. Det siste innlegget
er eit år gamalt. Her må det til meir trøkk. Det seier seg sjølv at
dersom til dømes 10.000 mållagsmedlemer la inn kommentarar eller røysta
over denne saka, ville det ta fart - og det er det som må til. Dersom
så til dømes 10 kunnige mållagsmedlemer hadde fått skapt eit miljø for
omsetjing, med koordinering og hjelp frå skrivarstova, ville me faktisk
kunne gjennomføre tiltaket. Det er denne koordinerte innsatsen eg meiner
må til, og eg vonar du no er samd med meg i at det ikkje finst nokon
andre enn mållaget som kan få dette til å skje. Vanlege mållagsmedlemer
må nok gjera jobben og røysta over saka, men de sentralt på skrivarstova
*må* samordne den innsatsen. Det krev ein annan kurs enn reint politisk
arbeid. Som eg skreiv for lenge sidan: Det finst ingen andre enn oss.
Den 06.02.2024 14:37, skreiv Leif H Silli:
> Hei
>
> Dette er utanfor føremålet med lista, men er det nokon som veit om
> eller korleis ein kan få nynorsk på Android på systemnivå? Skulle i
> det minste gjerne ha kunns valt at spor som finst med nynorsk drakt
> også køyrer med nynorsk app.
>
> Døme: RememyTheMilk har nynorsk drakt, men eg fær ikkje til å ta
> drakta i bruk.
>
> Eg nyttar Firefox på nynorsk men det er fordi Firefox kjem i ei eiga,
> nedlastbar nynorsk utgåve.
>
> L
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.