[l10n-no] Android og nynorsk

Sjur Moshagen sjurnm at mac.com
Ons 7. Feb 2024 22:33:54 PST


Hei!

[Åtvaring: innlegget går enno meir på sida av temaet for diskusjonsgruppa enn dei fyrste to innlegga, men eg trur det kan ha ei viss interesse.]

Takk for lenka, eg har gått inn og lagt til ein kommentar. Men eg trur ikkje det gjer nokon skilnad med ein kommentar til, det må som Eivind skriv fleire til.

På eit meir allment plan meiner eg — etter mange års arbeid med samisk språkteknologi — at problemet stikk mykje djupare. Det som i praksis skjer er at for nesten kvar einaste eigenskap og språk vi vil ha støtte for så må vi be om lov, prøva å finna rett kontaktperson, få personen i tale, og håpa at det fører fram. Som regel gjer det det ikkje. Dette gjeld Google, det gjeld Microsoft, og det har vore heilt uråd å få kontakt med Apple. Eg er klar over at mange av dei programma desse selskapa leverer ikkje er open kjeldekode, men heng med ei lita stund til :)

Sjølv for program som er open kjeldekode, t.d. LibreOffice eller Zulip, må ein *be* om å få lagt inn støtte for eit språk. I nokre tilfelle får ein ja (LibreOffice), i andre tilfelle avslag (Zulip - eg har prøvd). Eller som i dømet her, med Android på nynorsk, så får ein ikkje svar.

Sett frå språksamfunnet si side er dette eigentleg fullstendig riv ruskande gale. Kven er desse folka (utviklarane av Android, LibreOffice, Zulip og _all annan programvare_) til å velja _for oss_ om vi skal få lov til å sjå og nytta dataprogram på vårt eige mål?

Problema går mykje lenger enn til berre omsetjing og lokalisering. Det gjeld tastatur (ChromeOS, og støtte for fysiske tastatur til nettbrett for både Android og iOS/iPadOS), det gjeld retteprogram (ChromeOS, MS Office, …), det gjeld ordbøker og maskinomsetjing, og det gjeld mykje av det som skjer med taleteknologi, både syntese, gjenkjenning og talande, digitale asssistentar. I arbeidet med samisk språkteknologi byrjar vi no å få på plass dei grunnleggjande bitane for taleteknologi, men å få desse inn i alle system _utan å be om lov_ er heilt uråd, og sjølv med lov er det berre visse ting vi får gjera.

Eg har difor no i fleire år argumentert for at alle programprodusentar må opna opp den språklege sida av programma sine. Og denne opninga gjeld uavhengig av om programmet er open eller lukka kjeldekode. Vi burde ikkje vera nøydde til å be Google om lov til å omsetja Android til nynorsk, og vi skulle i same slengen kunne omsetja iOS til nynorsk - utan å måtta be Apple om lov.

Eg har i det siste byrja å omtala dette (på engelsk) som Open Language, som ein parallell til Open Source, men altså ein separat dimensjon. Og grunntanken er altså at det er språksamfunna sjølve som skal bestemma kva for program, verktøy og tenester som skal finnast på språket deira, ikkje programprodusenten. Programprodusenten på si side skal leggja til rette for dette: gjera naudsynte ressursar lett tilgjengeleg, og gjera det lett (helst automatisk) å senda inn omsetjingar og anna for eit nytt språk. Og aller helst burde dei store plattformeigarane kunna nytta programvarebutikkane sine, som t.d. Google Play, for å distribuera «språkpakker» laga av tredjepartar. Det burde vera enkelt for omsetjarane, og enkelt for brukarane.

Takk til alle som har orka å lesa heilt hit. Eg vil gjerne høyra kva de meiner om desse tankane. Eg arbeider med desse spørsmåla ut frå ein samisk ståstad, med eit langsiktig mål om å få både samiske og nordiske politikarar til å støtta dette, og helst få det inn som eit EU-regelverk. Eg er takksam for all støtte eg kan få i å regulera språka vekk frå dei store programvareprodusentane og tilbake til språksamfunna. Det gjeld samisk, det gjeld nynorsk, og det gjeld dei fleste andre av dei 7000+ språka som blir prata i verda.

Beste helsing
Sjur Moshagen

> 7.2.2024 kl. 22:24 skrev Eivind Ødegård <eivind.odegard at sogn.no>:
> 
> Hei!
> 
> Her var endeleg eit emne som eg nesten kan svara på, så eg takkar for at du tok det opp. Eg har prøvd å driva lobbyverksemd for nynorsk Android hjå mållaget i lang tid, så langt utan synderleg hell. Eg limer inn ein liten bete av det eg har skrive til noverande leiar Peder Lofnes Hauge. Mykje av dette er sjølvsagt kjent stoff for oss som driv med omsetjingar, men det kan kanskje òg forklara litt. Særleg oppmodar eg folk her på lista, det vil seia dei som har Google-konto (det har ikkje eg), til å røysta fram førespurnaden om nynorsk Android jfr. lenka under. Dersom då nokon har hug til å starta, er det berre å setja i gang. Det ser ikkje ut som me får hjelp av mållaget, så me må gjera det sjølve her òg.
> 
> Beste helsing Eivind Ø.
> 
> ----------------
> 
> 
> Som du veit, er Android open kjeldekode. Det tyder i prinsippet at kven som helst kan endre programvara slik dei vil, men Google har styringa over det som skjer med dei offisielle utgåvene som ber namnet Android (det finst altså andre utgåver som ber andre namn, LineageOS er den mest kjende). Den måten endringar skjer på, er at brukarar sender inn spørsmål om kva funksjonar dei vil ha. I dette tilfellet tyder det at til dømes mållagsmedlemer som har ein Gmail-konto, går inn på ei nettadresse og røystar over eller kommenterer på at dei vil ha nynorsk Android. Dersom mange nok personar gjer det, vil Google etter alt å døme leggje til rette for at nynorsk kan leggjast til som språk i offisielle utgåver av Android, og dermed i alle andre utgåver òg.
> 
> Neste steg er då at omsetjarar med Google-konto går inn og gjer omsetjingsarbeidet. Android er ikkje eit lite prosjekt, og det er for mykje å vente at til og med entusiastiske enkeltpersonar skal kunne ta seg av det. Det er eit stort stykke programvare, og omsetjing krev ein del kunnskap om programvareutvikling.
> 
> Reint konkret kan du sjå på ein av førespurnadene om nynorsk Android her:
> 
> https://issuetracker.google.com/issues/160714156
> 
> Du ser at aktiviteten i desse sakene er nokså liten. Det siste innlegget er eit år gamalt. Her må det til meir trøkk. Det seier seg sjølv at dersom til dømes 10.000 mållagsmedlemer la inn kommentarar eller røysta over denne saka, ville det ta fart  - og det er det som må til. Dersom så til dømes 10 kunnige mållagsmedlemer hadde fått skapt eit miljø for omsetjing, med koordinering og hjelp frå skrivarstova, ville me faktisk kunne gjennomføre tiltaket. Det er denne koordinerte innsatsen eg meiner må til, og eg vonar du no er samd med meg i at det ikkje finst nokon andre enn mållaget som kan få dette til å skje. Vanlege mållagsmedlemer må nok gjera jobben og røysta over saka, men de sentralt på skrivarstova *må* samordne den innsatsen. Det krev ein annan kurs enn reint politisk arbeid. Som eg skreiv for lenge sidan: Det finst ingen andre enn oss.
> 
> 
> Den 06.02.2024 14:37, skreiv Leif H Silli:
>> Hei
>> 
>> Dette er utanfor føremålet med lista, men er det nokon som veit om eller korleis ein kan få nynorsk på Android på systemnivå? Skulle i det minste gjerne ha kunns valt at spor som finst med nynorsk drakt også køyrer med nynorsk app.
>> 
>> Døme: RememyTheMilk har nynorsk drakt, men eg fær ikkje til å ta drakta i bruk.
>> 
>> Eg nyttar Firefox på nynorsk men det er fordi Firefox kjem i ei eiga, nedlastbar nynorsk utgåve.
>> 
>> L
>> _______________________________________________
>> E-postlista l10n-no
>> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.