[l10n-no] Android og nynorsk

Øystein Alværvik epost at stalva.no
Fre 9. Feb 2024 00:36:55 PST






På torsdag 8. februar 2024 kl. 21:25, Leif Halvard Silli <verktystell at russisk.no> skrev:

> Det er klart at dersom Android hadde støtta nynorsk slik at ein ikkje
> trong driva med slik overstyring, så ville problemet ha løyst seg.
> 

Eg gjorde eit forsøk på å forklare tidlegare i denne tråden korleis dette fungerer. Det var kanskje utydeleg. Når ein vel nynorsk som systemspråk vil appar som kjem med nynorsk omsetting rette seg etter dette, *trass* i at Android-systemtekstar ikkje finst på nynorsk.

Eg testa dette med Remember the Milk, og appen viste då tekst på nynorsk. Det er derimot tydeleg at nynorskomsettinga av appen er ufullstendig.

Funksjonen for å velje språk per app vart innført i Android 13. Sidan dei fleste leverandørar ikkje bryr seg om å oppgradere sine mobiltelefonar til nyaste Android-versjon, er mange brukarar fortsatt på Android 12 eller eldre. Muleg at det er ein grunn til at mange utviklarar ikkje legg til støtte for funksjonen.

Veldig rart at utviklarane av Remember the Milk hevdar dei ikkje kjenner til funksjonen. Det er nemleg godt og tydeleg dokumentert på Android sine nettsider for utviklarar: https://developer.android.com/guide/topics/resources/app-languages

Eg testa nettopp appen «Files by Google», som kanskje var den du refererte til? https://play.google.com/store/apps/details?id=com.google.android.apps.nbu.files

Den viser ikkje tekst på nynorsk når nynorsk er satt som systemspråk. Nynorsk er heller ikkje i lista over språk ein kan velje for appen. Det ser ikkje ut til at appen er på nynorsk.

> 

> > Den 06.02.2024 14:37, skreiv Leif H Silli:
> > 
> > > Hei
> > > 
> > > Dette er utanfor føremålet med lista, men er det nokon som veit om
> > > eller korleis ein kan få nynorsk på Android på systemnivå? Skulle i
> > > det minste gjerne ha kunns valt at spor som finst med nynorsk drakt
> > > også køyrer med nynorsk app.
> > > 
> > > Døme: RememyTheMilk har nynorsk drakt, men eg fær ikkje til å ta
> > > drakta i bruk.
> > > 
> > > Eg nyttar Firefox på nynorsk men det er fordi Firefox kjem i ei eiga,
> > > nedlastbar nynorsk utgåve.
> > > 
> > > L
> > > _______________________________________________
> > > E-postlista l10n-no
> > > http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
> > > _______________________________________________
> > > E-postlista l10n-no
> > > http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
> 
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.