[l10n-no] Android og nynorsk

Leif Halvard Silli verktystell at russisk.no
Tor 8. Feb 2024 12:25:13 PST


Hallo

Takk for di interesse for dette Eivind. Det er vel ei kjend sak at det 
er begrensa kva ein kan «få ut av» Mållaget eller (for den del) 
Språkrådet. Skal ein få noko ut av det, bør ein sikkert ha veldig gode 
prinsippielle innspel som dei kan slutta seg til. Men så er det gjerne 
lettare å driva med omsetjing enn å laga politikk ...

Eg nyttar sjeldan Windows, men Microsoft veit å halda seg inne med 
styresmakter, nemleg ved å implementera standardar og slikt. Så det går 
an for firma å gjera si fleirspråklegheit til ein konkurransefordel.

Dette er vel _ei_ forklaring på kvifor nynorsk er så tilgjengeleg i 
Windows og i mange Microsoft-program. Men sidan eg sjølv «er på» Mac 
(når eg nyttar datamaskin), er eg ikkje van med operativsystem på 
nynorsk. Men Mac tillet oss å velja kva målform me vil som føredregen 
målform, irekna nynorsk. Iallfall tilett Mac oss å velja nynrosk. Om du 
då vel nynorsk som prioritert målform, skal programma opna seg med 
nynorsk grensesnitt med meir.

Android fylgjer ikkje dette prinsippet - iallfall ikkje for fleire enn 
det utvalet av målformer som dei støttar. Kanskje har det med 
«redaktøransvar» som Kjetil T. var inne på.

Kanskje har det også (pitte litt) med å gjera at Google nyttar Google 
Translate - eller noko slikt - til å lokalisera program-oppslaga 
(app-presentasjonane) i Google Play, og der tilbyd dei bokmålske 
programpresentasjonar, men ikkje nynorske. Og det er jo fordi Google 
Translate berre omset til bokmål.

(Men interessant nok kan Google Translate også omsetjina __frå__ 
nynorsk. Det fungerer mykje betre enn før.)

Men om ein søkjer i Android-innstillingane etter «språk», så viser det 
seg at det er ein innstilling for å fastsetja språk per program (eller 
«appspråk» i Android sin eigen termionologi). Men då må programmet ha 
støtte for dette. På min Android fann eg ikkje eit einaste program som 
hadde støtte for dette. Eller, jo, det var eitt program blant dei 
programma som tilhøyrer Jobb-profilen på mobilen min, som støtta dette. 
Og kva program trur du det var? Interessant nok var det Google sitt Mine 
filer-program (eller kva det heier - eg mista mobilen i bakken i dag, så 
no er mobilen litt «sjanglete», slik at eg ikkje kjenner for å sjekka 
dette). Eg veit ikkje kvifor nett det programmet støttar dette, men det 
kan jo tenkjast at det er for å kunna vera kompatibel med alle (stort 
sett) Microsoft-programma i Jobb-profilen ... eller kva? Konkurranse er 
kanskje bra ...

Eg antydar m.a.o. at denne språk per app-greia kanskje er ein ny 
funskjonalitet. Eg har ikkje testa språk per app-greia enno, men eg 
reknar iallfall med at ein der kan definera at programmet skal opna seg 
i ei anna målform enn i den/dei målformene ein elles har sett opp i 
Android-innstillingane.

Det var frustrerande å finna ein app – Remember The Milk - som, på 
nettsida si, hevdar at appen støttar nynorsk, for så å oppdaga at det 
ikkje var mogeleg å ta i bruk nynorskdrakta ...

Eg kontakta Remember The Milk brukarstøtte om dette, og dei hevda at dei 
ikkje visste om at dei laut tilpassa programmet sitt for å støtta slik 
«overstyring» av språkvala.

Det er klart at dersom Android hadde støtta nynorsk slik at ein ikkje 
trong driva med slik overstyring, så ville problemet ha løyst seg.

Firefox har løyst dette på sin eigen måte. Men ikkje, som eg hevda, ved 
at dei tilbyd nedlasting av ein eigen nynorskversjon av Firefox. Derimot 
kan ein velja mellom anna nynorsk rett i Firefox-appen.

Leif

Den 07.02.2024 21:24, skreiv Eivind Ødegård:
> Hei!
>
> Her var endeleg eit emne som eg nesten kan svara på, så eg takkar for 
> at du tok det opp. Eg har prøvd å driva lobbyverksemd for nynorsk 
> Android hjå mållaget i lang tid, så langt utan synderleg hell. Eg 
> limer inn ein liten bete av det eg har skrive til noverande leiar 
> Peder Lofnes Hauge. Mykje av dette er sjølvsagt kjent stoff for oss 
> som driv med omsetjingar, men det kan kanskje òg forklara litt. Særleg 
> oppmodar eg folk her på lista, det vil seia dei som har Google-konto 
> (det har ikkje eg), til å røysta fram førespurnaden om nynorsk Android 
> jfr. lenka under. Dersom då nokon har hug til å starta, er det berre å 
> setja i gang. Det ser ikkje ut som me får hjelp av mållaget, så me må 
> gjera det sjølve her òg.
>
> Beste helsing Eivind Ø.
>
> ----------------
>
>
> Som du veit, er Android open kjeldekode. Det tyder i prinsippet at 
> kven som helst kan endre programvara slik dei vil, men Google har 
> styringa over det som skjer med dei offisielle utgåvene som ber namnet 
> Android (det finst altså andre utgåver som ber andre namn, LineageOS 
> er den mest kjende). Den måten endringar skjer på, er at brukarar 
> sender inn spørsmål om kva funksjonar dei vil ha. I dette tilfellet 
> tyder det at til dømes mållagsmedlemer som har ein Gmail-konto, går 
> inn på ei nettadresse og røystar over eller kommenterer på at dei vil 
> ha nynorsk Android. Dersom mange nok personar gjer det, vil Google 
> etter alt å døme leggje til rette for at nynorsk kan leggjast til som 
> språk i offisielle utgåver av Android, og dermed i alle andre utgåver òg.
>
> Neste steg er då at omsetjarar med Google-konto går inn og gjer 
> omsetjingsarbeidet. Android er ikkje eit lite prosjekt, og det er for 
> mykje å vente at til og med entusiastiske enkeltpersonar skal kunne ta 
> seg av det. Det er eit stort stykke programvare, og omsetjing krev ein 
> del kunnskap om programvareutvikling.
>
> Reint konkret kan du sjå på ein av førespurnadene om nynorsk Android her:
>
> https://issuetracker.google.com/issues/160714156
>
> Du ser at aktiviteten i desse sakene er nokså liten. Det siste 
> innlegget er eit år gamalt. Her må det til meir trøkk. Det seier seg 
> sjølv at dersom til dømes 10.000 mållagsmedlemer la inn kommentarar 
> eller røysta over denne saka, ville det ta fart  - og det er det som 
> må til. Dersom så til dømes 10 kunnige mållagsmedlemer hadde fått 
> skapt eit miljø for omsetjing, med koordinering og hjelp frå 
> skrivarstova, ville me faktisk kunne gjennomføre tiltaket. Det er 
> denne koordinerte innsatsen eg meiner må til, og eg vonar du no er 
> samd med meg i at det ikkje finst nokon andre enn mållaget som kan få 
> dette til å skje. Vanlege mållagsmedlemer må nok gjera jobben og 
> røysta over saka, men de sentralt på skrivarstova *må* samordne den 
> innsatsen. Det krev ein annan kurs enn reint politisk arbeid. Som eg 
> skreiv for lenge sidan: Det finst ingen andre enn oss.
>
>
> Den 06.02.2024 14:37, skreiv Leif H Silli:
>> Hei
>>
>> Dette er utanfor føremålet med lista, men er det nokon som veit om 
>> eller korleis ein kan få nynorsk på Android på systemnivå? Skulle i 
>> det minste gjerne ha kunns valt at spor som finst med nynorsk drakt 
>> også køyrer med nynorsk app.
>>
>> Døme: RememyTheMilk har nynorsk drakt, men eg fær ikkje til å ta 
>> drakta i bruk.
>>
>> Eg nyttar Firefox på nynorsk men det er fordi Firefox kjem i ei eiga, 
>> nedlastbar nynorsk utgåve.
>>
>> L
>> _______________________________________________
>> E-postlista l10n-no
>> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.