[l10n-no] Android og nynorsk
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Tor 15. Feb 2024 13:34:49 PST
Øystein Alværvik skreiv 12.02.2024 09:14:
> Heilt riktig. Eit unntak*pro tempore*
> ser ut til å vere den nyaste versjonen av Microsoft Teams, som i alle
> fall ser ut til å ha fått ei akseptabel omsetting til nynorsk.
Eg har stikk motsett erfaring med Teams. Der er flust av reine stavefeil
(som «mikrofin» i staden for «mikrofon» og «møtetteksting» i staden for
«møteteksting»), feilomsetjingar (som «Gratis heile dagen» i staden for
«Ledig heile dagen» – men kanskje no endeleg retta) og feil bøying av
ord, til og med *innanfor* same setning (eks. «Bruk brytaren for å byte
mellom lest og ulesen aktivitet»).
Og når ein omset eit program som stort sett handlar om møteverksemd,
burde ein i det minste klara å bøya ordet «møte», som i fleirtal er
konsekvent feilskriven (som «møter»). Bøying av inkjekjønnsord på
nynorsk er ganske grunnleggande (og veldig lett, sidan det er heilt
regelrett).
Eg har prøvd både den gamle og den nye Teams-klienten. Den nye skal
visstnok vera «Raskare og lysare», igjen ei feilomsetjing (nei, det er
ikkje snakk lysare fargar, sidan det rett under denne overskrifta står
forklaringa «Raskare yting og lågare minnebruk»).
Med fri programvare er det lett å få slikt retta. Med Teams anar eg
ikkje korleis ein kan få gjort det (det poppar av og til opp spørsmål om
kva eg synest om språket, og eg pleier å gje låg karakter og nemna nokre
eksempel, men ingenting har blitt retta til no).
> Når det gjeld resten av Windows, vil eg hevde at bokmålsomsettinga også
> er uakseptabel. Eit vilkårleg døme er omsettinga av «Snipping tool», som
> éin stad er omsett til «Utklippsverktøy», ein annan stad
> «skjerminnspilling». Kvalitetsmessig er slikt heilt horribelt, og skapar
> forvirring for sluttbrukaren.
Ja. Før var Microsoft på bokmål ganske bra, og dei skapte òg ny
dataterminologi på norsk, men kvaliteten har blitt mykje dårlegare dei
siste åra. Det er iallfall mitt inntrykk.
> Det ser ikkje ut som Microsoft brukar ressursar på at eit fysisk
> menneske kvalitetssikrar at omsettinga ser korrekt ut for sluttbrukaren.
Nei. Mange feil hadde vore luka ut om berre ein person såg kjapt gjennom
programmet. I Outlook står for eksempel ein knapp med namnet «Vis
innboks mef fokus» veldig sentralt. Men han har likevel vore feilstava i
over eit år (sjølv om det støtt kjem nye oppdateringar av programmet).
Og eg får framleis varsling om møte som begynner om «Eim time».
> Dersom ei nynorskomsetting av Android vert på det same låge nivået, er
> eg ikkje sikker på at det er verdt det.
Bokmålsomsetjinga av Android er iallfall nokolunde OK. Litt inkonsekvent
språk og ein og annan feil, men stort sett bra og forståeleg.
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.