[l10n-no] Android og nynorsk

Øystein Alværvik epost at stalva.no
Man 12. Feb 2024 00:14:38 PST


På fredag 9. februar 2024 kl. 22:00, Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org> skrev:

> Men faktisk er ikkje alle store selskap like nøye på kvalitetssikring av
> språket. Eit eksempel er Microsoft (i nyare tid). Nynorskomsetjinga til
> Microsoft av Windows/Office-programma er iallfall katastrofalt dårleg.
> Ein finn for eksempel reine stavefeil (som enkelt hadde vore fanga opp
> automatisk av ei kjapp køyring av ein vanleg stavekontroll), heilt
> elementære bøyingsfeil (eks. av enkle ord som «møte» og «søk»), direkte
> feilomsetjingar (som gjer ting vanskeleg å forstå) og inkonsistente
> omsetjingar (same engelsk ord kan vera omsett til forskjellige ting på
> norsk, til òg med innanfor same dialogvindauge).
>
>
> --
> Karl Ove Hufthammer
> _________________________

Heilt riktig. Eit unntak *pro tempore* ser ut til å vere den nyaste versjonen av Microsoft Teams, som i alle fall ser ut til å ha fått ei akseptabel omsetting til nynorsk.

Når det gjeld resten av Windows, vil eg hevde at bokmålsomsettinga også er uakseptabel. Eit vilkårleg døme er omsettinga av «Snipping tool», som éin stad er omsett til «Utklippsverktøy», ein annan stad «skjerminnspilling». Kvalitetsmessig er slikt heilt horribelt, og skapar forvirring for sluttbrukaren.

Det ser ikkje ut som Microsoft brukar ressursar på at eit fysisk menneske kvalitetssikrar at omsettinga ser korrekt ut for sluttbrukaren.

Dersom ei nynorskomsetting av Android vert på det same låge nivået, er eg ikkje sikker på at det er verdt det.

______________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.