[l10n-no] Android og nynorsk

Leif Halvard Silli verktystell at russisk.no
Søn 11. Feb 2024 12:00:05 PST


Litt på sida, men ikkje heilt: Dersom du har ei nettside som hovudsakleg 
er på nynorsk, så får du ikkje (lenger) lov til å tena pengar på innhaldet:

https://support.google.com/publisherpolicies/answer/10436912?hl=no&sjid=3233952091592846283-EU

Denne påstanden byggjer på at «norsk» i Google-terminologi er synom for 
«bokmål». Lista inneheld akkurat 50 språk – litt færre enn dei 60-70 
språka eg kan velja mellom på mobilen min.

Leif


Den 09.02.2024 22:00, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Øystein Alværvik skreiv 08.02.2024 12:54:
>> Ut frå tidlegare jobberfaring med å kvalitetssikre bokmålsomsetting av
>> programvare, veit eg at selskap er nøye med at språket held høg kvalitet
>>   og er presis. Apple har fleire fulltidstilsette kvalitetssikrarar
>> (lokalisert i Irland) av bokmålsomsettinga til iOS og andre
>> Apple-produkt. Dersom ei feilomsetting til dømes fører til at brukarar
>> misforstår ein ny funksjon eller ikkje forstår korleis komme vidare i
>> ein meny, er det frå Apple sin ståstad potensielt katastrofalt. Det er
>> derfor lite realistisk at Apple frivilleg går med på at omsettingar av
>> programvaren deira opnast opp for frivillege bidragsytarar.
>
> Ja, slik er det nok med kommersiell programvare. (Med nokre unntak: Eg 
> har gjennom åra sett fleire kommersielle/ikkje-frie program der 
> produsenten har late frivillige setja om programmet til «mindre 
> språk». Kvaliteten på resultatet har vore svært varierande, ofte dårleg.)
>
> Men faktisk er ikkje alle store selskap like nøye på kvalitetssikring 
> av språket. Eit eksempel er Microsoft (i nyare tid). Nynorskomsetjinga 
> til Microsoft av Windows/Office-programma er iallfall katastrofalt 
> dårleg. Ein finn for eksempel reine stavefeil (som enkelt hadde vore 
> fanga opp automatisk av ei kjapp køyring av ein vanleg stavekontroll), 
> heilt elementære bøyingsfeil (eks. av enkle ord som «møte» og «søk»), 
> direkte feilomsetjingar (som gjer ting vanskeleg å forstå) og 
> inkonsistente omsetjingar (same engelsk ord kan vera omsett til 
> forskjellige ting på norsk, til òg med *innanfor* same dialogvindauge).
>
>


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.