[l10n-no] Android og nynorsk
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Fre 9. Feb 2024 13:00:39 PST
Øystein Alværvik skreiv 08.02.2024 12:54:
> Ut frå tidlegare jobberfaring med å kvalitetssikre bokmålsomsetting av
> programvare, veit eg at selskap er nøye med at språket held høg kvalitet
> og er presis. Apple har fleire fulltidstilsette kvalitetssikrarar
> (lokalisert i Irland) av bokmålsomsettinga til iOS og andre
> Apple-produkt. Dersom ei feilomsetting til dømes fører til at brukarar
> misforstår ein ny funksjon eller ikkje forstår korleis komme vidare i
> ein meny, er det frå Apple sin ståstad potensielt katastrofalt. Det er
> derfor lite realistisk at Apple frivilleg går med på at omsettingar av
> programvaren deira opnast opp for frivillege bidragsytarar.
Ja, slik er det nok med kommersiell programvare. (Med nokre unntak: Eg
har gjennom åra sett fleire kommersielle/ikkje-frie program der
produsenten har late frivillige setja om programmet til «mindre språk».
Kvaliteten på resultatet har vore svært varierande, ofte dårleg.)
Men faktisk er ikkje alle store selskap like nøye på kvalitetssikring av
språket. Eit eksempel er Microsoft (i nyare tid). Nynorskomsetjinga til
Microsoft av Windows/Office-programma er iallfall katastrofalt dårleg.
Ein finn for eksempel reine stavefeil (som enkelt hadde vore fanga opp
automatisk av ei kjapp køyring av ein vanleg stavekontroll), heilt
elementære bøyingsfeil (eks. av enkle ord som «møte» og «søk»), direkte
feilomsetjingar (som gjer ting vanskeleg å forstå) og inkonsistente
omsetjingar (same engelsk ord kan vera omsett til forskjellige ting på
norsk, til òg med *innanfor* same dialogvindauge).
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.