[l10n-no] Android og nynorsk
Leif Halvard Silli
verktystell at russisk.no
Søn 11. Feb 2024 11:29:00 PST
Den 10.02.2024 22:22, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Leif Halvard Silli skreiv 10.02.2024 21:29:
>>>
>>> Android følgjer dette prinsippet, og dette har fungert heilt fint
>>> for nynorsk i *mange* år. Sjølv om sjølve Android-brukarflata ikkje
>>> er omsett til nynorsk, er det ein god del Android-appar som er det,
>>> og dei kjem automatisk opp på nynorsk.
>>
>> Det høyrest ut som du hevdar at dette framleis fungerer. Eller ymtar
>> du at det har slutta å fungera? At nynorskstøtta har vorte dårlegare?
>
> Nei, nynorskstøtta fungerer som før, og heilt fint. Og ho har fungert
> i *mange* Android-versjonar. Eg har brukt nynorsk som standardspråk
> iallfall sidan Android 9, som kom i 2018.
Kva mobilmerke/-modell har du? Eg hadde (fram til i førgårs) Sony Xperia
10 IV. Frå i går, har eg HMD/NOKIA XR21. (Det kan godt henda at eg har
hatt andre røynsler (i den duren du omtalar) med tidlegare mobilmodellar
— men det hugsar eg ikkje no.)
>> Om du vil vita kvifor eg ikkje får det til, med Android 13: Det eg
>> gjer, når eg prøver å få dette til, er at eg opnar «Innstillinger»
>> (som appen heiter på bokmål) og så opnar eg «System» og so opnar eg
>> «Språk og inndata» – og då er «Foretrukket språk» toppoverskrifta du
>> får, med to punkt på menyen:
>>
>> 1. I undervalet «Språk» kan ein velja føretrekt språk for
>> systemgrensensnittet. Frå før står det «Norsk bokmål» som fyrste val,
>> og så kan ein trykkja på «Legg til et språk» for å fleire/andre
>> språk». Men på i tilbodslista med språk ein kan velja, er «norsk
>> nynorsk» ikkje å finna.
>
> Eg òg har Android 13 og har alternativet «Norsk nynorsk». Når eg har
> lagt det til, står det oppført som «Norsk nynorsk (Noreg)». Det får då
> undertittelen «Ikke tilgjengelig som systemspråk», men det tyder berre
> at sjølve Android ikkje er omsett til det språket. I appar som er
> omsette til nynorsk, fungerer det fint.
>
> Du kan eventuelt prøva å sjå gjennom heile språklista. Hos meg ligg
> «Norsk nynorsk» rett under «Norsk bokmål», men eg har tidlegare
> opplevd at mindre brukte språk har komme heilt på slutten av lista.
>
> Merk at når du har lagt til eit språk, forsvinn det frå «Legg til et
> språk»-lista («Norsk bokmål» forsvinn ikkje, men det er fordi det
> finst i to variantar, éin for «Norge» og ein for «Svalbard og Jan
> Mayen»).
Det er freistande å spørja koss du går fram for å leggja til eit språk
... Men slik eg forstår deg, har du berre funne «Norsk nynorsk» på den
«offisielle» lista som mobilen tilbyd deg. Eg kan garantera at hjå meg
står det ikkje «Norsk nynorsk» nokon stad. Men — spekulerer — Android
har vel eit «utviklarmodus» som ein kan aktivera. Kan det vera at å
aktivera dette gjev fleire val? Korkje på min Sony eller Nokia får
«norsk nynorsk» — det er heilt sikkert. Korkje i nærleiken av «Norsk
bokmål» eller på slutten av lista.
>> 2. Det andre undervalet heiter «Språk i appen», som ser ut til å
>> tilby cirka like mykje nynorsk som undervalet «Språk» (men kanskje må
>> eg testa dette på ein app som eg er sikker på at __både__ har nynorsk
>> grensesnitt innebygd __og__ som i tillegg støttar «Språk i appen»,
>> før eg kan seia noko sikkert om korleis dette fungerer.
>
> Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det
> «Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen brukar
> du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar (eks.
> viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre program
> på nynorsk).
Det stod «appspråk» på Sony-en. Men her i Nokia står det «språk i
appen». (Kort er godt, for ikkje å seia best, så du har rett i det.) Det
verkar som det står mykje rart i Nokia-mobilar: Såg at i den bokmålske
bruksrettleiinga stod det «nøkler» i staden for «hurtigtaster» (det står
vel noko med «keys» poå engelsk — før eg forstod det, var eg ikkje
sikker på om eg hadde slått opp på rette plassen i rettleiinga ...)
Leif
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.