[l10n-no] Android og nynorsk

Leif Halvard Silli verktystell at russisk.no
Søn 11. Feb 2024 11:41:36 PST


Eg trur at «Språk i appen» er henta i frå Google sin offisielle målbruk, 
sjå deira info om å byta språk i appar 
https://support.google.com/android/answer/12395118?hl=no

Leif

Den 11.02.2024 20:29, skreiv Leif Halvard Silli:
>> Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det 
>> «Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen 
>> brukar du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar 
>> (eks. viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre 
>> program på nynorsk).
>
> Det stod «appspråk» på Sony-en. Men her i Nokia står det «språk i 
> appen». (Kort er godt, for ikkje å seia best, så du har rett i det.) 
> Det verkar som det står mykje rart i Nokia-mobilar: Såg at i den 
> bokmålske bruksrettleiinga stod det «nøkler» i staden for 
> «hurtigtaster» (det står vel noko med «keys» poå engelsk — før eg 
> forstod det, var eg ikkje sikker på om eg hadde slått opp på rette 
> plassen i rettleiinga ...)
>
> Leif 


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.