[l10n-no] Android og nynorsk

Sjur Moshagen sjurnm at mac.com
Man 12. Feb 2024 00:27:52 PST


[Framleis litt på sida, men relevant for diskusjonen, trur eg]

> 12.2.2024 kl. 09:46 skrev Øystein Alværvik <epost at stalva.no>:
> 
> 
> På søndag 11. februar 2024 kl. 20:29, Leif Halvard Silli <verktystell at russisk.no> skrev:
> 
>> Kva mobilmerke/-modell har du? Eg hadde (fram til i førgårs) Sony Xperia
>> 10 IV. Frå i går, har eg HMD/NOKIA XR21. (Det kan godt henda at eg har
>> hatt andre røynsler (i den duren du omtalar) med tidlegare mobilmodellar
>> — men det hugsar eg ikkje no.)
> 
> Slik ser det ut i AOSP 14:
> 
> https://i.ibb.co/K0jdsM2/Screenshot-20240212-084030.png
> https://i.ibb.co/pW6mH9t/Screenshot-20240212-083601.png
> https://i.ibb.co/vJhv5Qv/Screenshot-20240212-083702.png
> 
> Det er sannsynleg at mobilleverandøren din har endra i innstillingar og tekstar. Du må ta dette opp med leverandøren, ikkje Google. I AOSP fungerer språkfunksjonane akkurat slik Karl Ove Hufthammer beskriver.

Det at telefonprodusentane tuklar med ulike språkfunksjonar og -tenester er eit kjent problem for oss i Tromsø. T.d. blokkerer billige modellar frå Xiaomi tredjepartstastatur, slik at Android-tastaturappen vår som inneheld samiske tastatur (og tastatur for fleire andre urfolks- og minoritetsspråk) ikkje fungerer på desse telefonane, trass i at appen fungerer utan problem på dyrare modellar frå same produsent, og på telefonar frå andre produsentar. Eg er ikkje overraska over at liknande ting blir gjort med språkval meir allment.

Dette er ein av mange uting som eg vil prøva å få slutt på med forslaget om å opna språkspesifikke delar av digitale system for tredjepartar, uavhengig av produsenten. Det burde rett og slett ikkje vera lov å oppføra seg på denne måten. Det er særleg ille fordi billige Android-telefonar ofte er dei mest kjøpte av dei vi jobbar mot, av opplagte økonomiske grunnar.

Sjur



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.