[l10n-no] Android og nynorsk
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Tor 15. Feb 2024 13:06:09 PST
Leif Halvard Silli skreiv 11.02.2024 20:29:
>> Nei, nynorskstøtta fungerer som før, og heilt fint. Og ho har fungert
>> i *mange* Android-versjonar. Eg har brukt nynorsk som standardspråk
>> iallfall sidan Android 9, som kom i 2018.
>
> Kva mobilmerke/-modell har du? Eg hadde (fram til i førgårs) Sony
> Xperia 10 IV. Frå i går, har eg HMD/NOKIA XR21. (Det kan godt henda at
> eg har hatt andre røynsler (i den duren du omtalar) med tidlegare
> mobilmodellar — men det hugsar eg ikkje no.)
Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1 med
Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.
>> Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det
>> «Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen
>> brukar du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar
>> (eks. viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre
>> program på nynorsk).
>
> Det stod «appspråk» på Sony-en. Men her i Nokia står det «språk i appen».
Ser ut til at omsetjinga vart endra frå «Språk i appen» til «Appspråk» i
januar i fjor (23. januar 2023):
https://android.googlesource.com/platform/packages/apps/Settings/+/d15061a40d51f101bd5a162bc26ab37b66aa9a50%5E%21/res/values-nb/strings.xml
(Sjå tekststrengen med namn «app_locale_picker_title».)
Så nyare Android-versjonar bør ha «Appspråk» som overskrift.
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.