[l10n-no] Android og nynorsk

Leif Halvard Silli verktystell at russisk.no
Fre 23. Feb 2024 03:50:39 PST


Den 15.02.2024 22:06, skreiv Karl Ove Hufthammer:

> Leif Halvard Silli skreiv 11.02.2024 20:29:
>>> Nei, nynorskstøtta fungerer som før, og heilt fint. Og ho har 
>>> fungert i *mange* Android-versjonar. Eg har brukt nynorsk som 
>>> standardspråk iallfall sidan Android 9, som kom i 2018.
>>
>> Kva mobilmerke/-modell har du? Eg hadde (fram til i førgårs) Sony 
>> Xperia 10 IV. Frå i går, har eg HMD/NOKIA XR21. (Det kan godt henda 
>> at eg har hatt andre røynsler (i den duren du omtalar) med tidlegare 
>> mobilmodellar — men det hugsar eg ikkje no.)
>
> Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1 
> med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.

Svært merkeleg at dette ikkje er likt på dine og mine mobilar.

Kva med den feilmeldinga som Eivind peika på? (Nemleg 
https://issuetracker.google.com/issues/160714156) Med di positive 
røynsle, ser du difor kanskje ikkje noko behov for at det blir fiksa - 
for det er alt i orden?

Kva med BankID-appen? Du har vel dermed, utan problem, teke i bruk 
BankID-appen på nynorsk, reknar eg med? Jamfør 
https://bankid.no/bankid-endeleg-paa-nynorsk

Kva er andre folk her på lista si røynsle med å velja nynorsk i 
BankID-appen?

For min eigen del: På min mobil er det ikkje mogeleg å velja nynorsk for 
BankID-appen, korkje i systemvalet «appspråk/språk i appen» eller på 
systemspråknivå.

Sidan du nemner Android 9: Ordbøkene-appen (med Bokmålsordboka og 
Nynorskordboka) er frå 2021. Den appen støttar ikkje val av «appspråk» 
(som det står i appen) på systemnivå - du må velja appspråk i ei 
innstilling inne i appen sjølv. Det at Ordbøkene-appen har implementert 
målval via den omvegen er kanskje ein indikasjon på at det (generelt) 
__ikkje__ fungerer slik du seier? Og det same med Firefox: Kvifor har 
Firefox implement språkval på same måte som Ordbøkene-appen, nemleg 
direkte i appen sjølv?

 >>> Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det 
«Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen brukar 
du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar (eks. 
viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre program på 
nynorsk).

>>
>> Det stod «appspråk» på Sony-en. Men her i Nokia står det «språk i 
>> appen».
>
> Ser ut til at omsetjinga vart endra frå «Språk i appen» til «Appspråk» 
> i januar i fjor (23. januar 2023):
> https://android.googlesource.com/platform/packages/apps/Settings/+/d15061a40d51f101bd5a162bc26ab37b66aa9a50%5E%21/res/values-nb/strings.xml 
>
> (Sjå tekststrengen med namn «app_locale_picker_title».)
>
> Så nyare Android-versjonar bør ha «Appspråk» som overskrift.


Interessant. Og bra, i så fall.

-- 

leif halvard silli



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.