[l10n-no] Android og nynorsk
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Fre 23. Feb 2024 11:53:30 PST
Leif Halvard Silli skreiv 23.02.2024 12:50:
>
>> Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1
>> med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.
>
> Svært merkeleg at dette ikkje er likt på dine og mine mobilar.
>
> Kva med den feilmeldinga som Eivind peika på? (Nemleg
> https://issuetracker.google.com/issues/160714156) Med di positive
> røynsle, ser du difor kanskje ikkje noko behov for at det blir fiksa -
> for det er alt i orden?
Android er ikkje omsett til nynorsk, men nynorsk er tilgjengeleg som
språkval, så det er ikkje til hinder for at Android-appar vert omsette
til nynorsk (og det finst som sagt alt ein del slike).
> Kva med BankID-appen? Du har vel dermed, utan problem, teke i bruk
> BankID-appen på nynorsk, reknar eg med?
Ja, eg får BankID på nynorsk. Det fungerer heilt fint.
> Sidan du nemner Android 9: Ordbøkene-appen (med Bokmålsordboka og
> Nynorskordboka) er frå 2021. Den appen støttar ikkje val av «appspråk»
> (som det står i appen) på systemnivå - du må velja appspråk i ei
> innstilling inne i appen sjølv. Det at Ordbøkene-appen har
> implementert målval via den omvegen er kanskje ein indikasjon på at
> det (generelt) __ikkje__ fungerer slik du seier?
Den appen vert ikkje lenger utvikla eller oppdatert (han brukar
utdaterte ordlistefiler) og bør uansett ikkje brukast. Elles finst det
fleire appar som brukar heimesnikra metodar for val av språk (ikkje
nødvendigvis med støtte for nynorsk) i staden for den offisielle
Android-metoden (i staden for å brua det offisielle API-et). Det er
uheldig, sidan ein må velja språk manuelt for kvar app.
Tilsvarande gjeld forresten òg val av tema (lyst eller mørkt). I mange
appar må ein velja dette manuelt i staden for at appen brukar
systemstandard.
> Og det same med Firefox: Kvifor har Firefox implement språkval på same
> måte som Ordbøkene-appen, nemleg direkte i appen sjølv?
Det veit eg ikkje, men det er lang tradisjon for å kunne velja separate
språkinnstillingar i nettopp nettlesarar (nettsidespråk eller UI-språk).
Dette gjeld Firefox òg på Linux og Windows (og Chrome, Edge, IE og
Opera, så vidt eg hugsar).
Elles er standardinnstillinga i Firefox å bruka Android-språket (=
OS-språket).
--
Karl Ove Hufthammer
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.