[l10n-no] Android og nynorsk
Odin Hørthe-Omdal Urdland
odin.omdal at gmail.com
Fre 23. Feb 2024 13:53:15 PST
Dette er veldig skjult. Eg har aldri funne at eg kunne velja nynorsk før.
Bokmål kjem rett opp. Etter denne tråden fann eg at eg kunne klikka meg inn
på ein '...'-meny og velja 'All languages'. Då kunne eg velja mellom ei
utruleg svær liste med språk og fann nynorsk.
Men BankID er framleis på engelsk. Har ikkje funne at eit einaste av
programma eg har brydde seg med det diverre. Likevel skikkeleg deilig å få
setja det valet.
Eg har ein Samsung med nyaste Android OneUI-versjon.
Odin
On Fri, 23 Feb 2024, 20:53 Karl Ove Hufthammer, <karl at huftis.org> wrote:
> Leif Halvard Silli skreiv 23.02.2024 12:50:
> >
> >> Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1
> >> med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.
> >
> > Svært merkeleg at dette ikkje er likt på dine og mine mobilar.
> >
> > Kva med den feilmeldinga som Eivind peika på? (Nemleg
> > https://issuetracker.google.com/issues/160714156) Med di positive
> > røynsle, ser du difor kanskje ikkje noko behov for at det blir fiksa -
> > for det er alt i orden?
>
> Android er ikkje omsett til nynorsk, men nynorsk er tilgjengeleg som
> språkval, så det er ikkje til hinder for at Android-appar vert omsette
> til nynorsk (og det finst som sagt alt ein del slike).
>
>
> > Kva med BankID-appen? Du har vel dermed, utan problem, teke i bruk
> > BankID-appen på nynorsk, reknar eg med?
>
> Ja, eg får BankID på nynorsk. Det fungerer heilt fint.
>
>
> > Sidan du nemner Android 9: Ordbøkene-appen (med Bokmålsordboka og
> > Nynorskordboka) er frå 2021. Den appen støttar ikkje val av «appspråk»
> > (som det står i appen) på systemnivå - du må velja appspråk i ei
> > innstilling inne i appen sjølv. Det at Ordbøkene-appen har
> > implementert målval via den omvegen er kanskje ein indikasjon på at
> > det (generelt) __ikkje__ fungerer slik du seier?
>
> Den appen vert ikkje lenger utvikla eller oppdatert (han brukar
> utdaterte ordlistefiler) og bør uansett ikkje brukast. Elles finst det
> fleire appar som brukar heimesnikra metodar for val av språk (ikkje
> nødvendigvis med støtte for nynorsk) i staden for den offisielle
> Android-metoden (i staden for å brua det offisielle API-et). Det er
> uheldig, sidan ein må velja språk manuelt for kvar app.
>
> Tilsvarande gjeld forresten òg val av tema (lyst eller mørkt). I mange
> appar må ein velja dette manuelt i staden for at appen brukar
> systemstandard.
>
>
> > Og det same med Firefox: Kvifor har Firefox implement språkval på same
> > måte som Ordbøkene-appen, nemleg direkte i appen sjølv?
>
> Det veit eg ikkje, men det er lang tradisjon for å kunne velja separate
> språkinnstillingar i nettopp nettlesarar (nettsidespråk eller UI-språk).
> Dette gjeld Firefox òg på Linux og Windows (og Chrome, Edge, IE og
> Opera, så vidt eg hugsar).
>
> Elles er standardinnstillinga i Firefox å bruka Android-språket (=
> OS-språket).
>
>
> --
> Karl Ove Hufthammer
>
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.