[l10n-no] Android og nynorsk

Leif Halvard Silli verktystell at russisk.no
Lør 24. Feb 2024 12:43:42 PST


Er det når du går inn i «Språk» og deretter trykkjer «+ Legg til et 
språk» at du finn denne menyen – ein kvan plassen?

Er jo ikkje umogleg at denne menyen ikkje finst på min dings. Men hadde 
du hatt høve til å senda eit skjermbilete som viser kvar/korleis menyen 
viser seg?

Leif

Den 23.02.2024 22:53, skreiv Odin Hørthe-Omdal Urdland:
> Dette er veldig skjult. Eg har aldri funne at eg kunne velja nynorsk før.
>
> Bokmål kjem rett opp. Etter denne tråden fann eg at eg kunne klikka meg inn
> på ein '...'-meny og velja 'All languages'. Då kunne eg velja mellom ei
> utruleg svær liste med språk og fann nynorsk.
>
> Men BankID er framleis på engelsk. Har ikkje funne at eit einaste av
> programma eg har brydde seg med det diverre. Likevel skikkeleg deilig å få
> setja det valet.
>
> Eg har ein Samsung med nyaste Android OneUI-versjon.
>
> Odin
>
> On Fri, 23 Feb 2024, 20:53 Karl Ove Hufthammer, <karl at huftis.org> wrote:
>
>> Leif Halvard Silli skreiv 23.02.2024 12:50:
>>>> Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1
>>>> med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.
>>> Svært merkeleg at dette ikkje er likt på dine og mine mobilar.
>>>
>>> Kva med den feilmeldinga som Eivind peika på? (Nemleg
>>> https://issuetracker.google.com/issues/160714156) Med di positive
>>> røynsle, ser du difor kanskje ikkje noko behov for at det blir fiksa -
>>> for det er alt i orden?
>> Android er ikkje omsett til nynorsk, men nynorsk er tilgjengeleg som
>> språkval, så det er ikkje til hinder for at Android-appar vert omsette
>> til nynorsk (og det finst som sagt alt ein del slike).
>>
>>
>>> Kva med BankID-appen? Du har vel dermed, utan problem, teke i bruk
>>> BankID-appen på nynorsk, reknar eg med?
>> Ja, eg får BankID på nynorsk. Det fungerer heilt fint.
>>
>>
>>> Sidan du nemner Android 9: Ordbøkene-appen (med Bokmålsordboka og
>>> Nynorskordboka) er frå 2021. Den appen støttar ikkje val av «appspråk»
>>> (som det står i appen) på systemnivå - du må velja appspråk i ei
>>> innstilling inne i appen sjølv. Det at Ordbøkene-appen har
>>> implementert målval via den omvegen er kanskje ein indikasjon på at
>>> det (generelt) __ikkje__ fungerer slik du seier?
>> Den appen vert ikkje lenger utvikla eller oppdatert (han brukar
>> utdaterte ordlistefiler) og bør uansett ikkje brukast. Elles finst det
>> fleire appar som brukar heimesnikra metodar for val av språk (ikkje
>> nødvendigvis med støtte for nynorsk) i staden for den offisielle
>> Android-metoden (i staden for å brua det offisielle API-et). Det er
>> uheldig, sidan ein må velja språk manuelt for kvar app.
>>
>> Tilsvarande gjeld forresten òg val av tema (lyst eller mørkt). I mange
>> appar må ein velja dette manuelt i staden for at appen brukar
>> systemstandard.
>>
>>
>>> Og det same med Firefox: Kvifor har Firefox implement språkval på same
>>> måte som Ordbøkene-appen, nemleg direkte i appen sjølv?
>> Det veit eg ikkje, men det er lang tradisjon for å kunne velja separate
>> språkinnstillingar i nettopp nettlesarar (nettsidespråk eller UI-språk).
>> Dette gjeld Firefox òg på Linux og Windows (og Chrome, Edge, IE og
>> Opera, så vidt eg hugsar).
>>
>> Elles er standardinnstillinga i Firefox å bruka Android-språket (=
>> OS-språket).
>>
>>
>> --
>> Karl Ove Hufthammer
>>
>> _______________________________________________
>> E-postlista l10n-no
>> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>>
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org


Mer informasjon om epostlisten l10n-no.