[l10n-no] Android og nynorsk
Odin Hørthe-Omdal Urdland
odin.omdal at gmail.com
Søn 25. Feb 2024 01:33:43 PST
Gjekk fyrte inn på + Add Language, og der oppe i høgre hjørna hadde eg ein
knapp med vertikale prikkar som gav meg dei ekstra språka.
On Sat, 24 Feb 2024, 21:43 Leif Halvard Silli, <verktystell at russisk.no>
wrote:
> Er det når du går inn i «Språk» og deretter trykkjer «+ Legg til et
> språk» at du finn denne menyen – ein kvan plassen?
>
> Er jo ikkje umogleg at denne menyen ikkje finst på min dings. Men hadde
> du hatt høve til å senda eit skjermbilete som viser kvar/korleis menyen
> viser seg?
>
> Leif
>
> Den 23.02.2024 22:53, skreiv Odin Hørthe-Omdal Urdland:
> > Dette er veldig skjult. Eg har aldri funne at eg kunne velja nynorsk før.
> >
> > Bokmål kjem rett opp. Etter denne tråden fann eg at eg kunne klikka meg
> inn
> > på ein '...'-meny og velja 'All languages'. Då kunne eg velja mellom ei
> > utruleg svær liste med språk og fann nynorsk.
> >
> > Men BankID er framleis på engelsk. Har ikkje funne at eit einaste av
> > programma eg har brydde seg med det diverre. Likevel skikkeleg deilig å
> få
> > setja det valet.
> >
> > Eg har ein Samsung med nyaste Android OneUI-versjon.
> >
> > Odin
> >
> > On Fri, 23 Feb 2024, 20:53 Karl Ove Hufthammer, <karl at huftis.org> wrote:
> >
> >> Leif Halvard Silli skreiv 23.02.2024 12:50:
> >>>> Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1
> >>>> med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.
> >>> Svært merkeleg at dette ikkje er likt på dine og mine mobilar.
> >>>
> >>> Kva med den feilmeldinga som Eivind peika på? (Nemleg
> >>> https://issuetracker.google.com/issues/160714156) Med di positive
> >>> røynsle, ser du difor kanskje ikkje noko behov for at det blir fiksa -
> >>> for det er alt i orden?
> >> Android er ikkje omsett til nynorsk, men nynorsk er tilgjengeleg som
> >> språkval, så det er ikkje til hinder for at Android-appar vert omsette
> >> til nynorsk (og det finst som sagt alt ein del slike).
> >>
> >>
> >>> Kva med BankID-appen? Du har vel dermed, utan problem, teke i bruk
> >>> BankID-appen på nynorsk, reknar eg med?
> >> Ja, eg får BankID på nynorsk. Det fungerer heilt fint.
> >>
> >>
> >>> Sidan du nemner Android 9: Ordbøkene-appen (med Bokmålsordboka og
> >>> Nynorskordboka) er frå 2021. Den appen støttar ikkje val av «appspråk»
> >>> (som det står i appen) på systemnivå - du må velja appspråk i ei
> >>> innstilling inne i appen sjølv. Det at Ordbøkene-appen har
> >>> implementert målval via den omvegen er kanskje ein indikasjon på at
> >>> det (generelt) __ikkje__ fungerer slik du seier?
> >> Den appen vert ikkje lenger utvikla eller oppdatert (han brukar
> >> utdaterte ordlistefiler) og bør uansett ikkje brukast. Elles finst det
> >> fleire appar som brukar heimesnikra metodar for val av språk (ikkje
> >> nødvendigvis med støtte for nynorsk) i staden for den offisielle
> >> Android-metoden (i staden for å brua det offisielle API-et). Det er
> >> uheldig, sidan ein må velja språk manuelt for kvar app.
> >>
> >> Tilsvarande gjeld forresten òg val av tema (lyst eller mørkt). I mange
> >> appar må ein velja dette manuelt i staden for at appen brukar
> >> systemstandard.
> >>
> >>
> >>> Og det same med Firefox: Kvifor har Firefox implement språkval på same
> >>> måte som Ordbøkene-appen, nemleg direkte i appen sjølv?
> >> Det veit eg ikkje, men det er lang tradisjon for å kunne velja separate
> >> språkinnstillingar i nettopp nettlesarar (nettsidespråk eller UI-språk).
> >> Dette gjeld Firefox òg på Linux og Windows (og Chrome, Edge, IE og
> >> Opera, så vidt eg hugsar).
> >>
> >> Elles er standardinnstillinga i Firefox å bruka Android-språket (=
> >> OS-språket).
> >>
> >>
> >> --
> >> Karl Ove Hufthammer
> >>
> >> _______________________________________________
> >> E-postlista l10n-no
> >> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
> >>
> > _______________________________________________
> > E-postlista l10n-no
> > http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.