[l10n-no] Paint select
Kolbjørn Stuestøl
kolbjoern at stuestoel.no
Tir 16. Jan 2024 08:31:48 PST
Takker for forslaga.
Fargeveljar / fargeplukkar er i bruk på eit pipetteverktøy for å
plukke/hente farge frå bildet.
Paint select klipper ikkje ut farge.
Verktøya lagar utval av meir eller mindre like fargar. Kor like dei må
vere for å bli med, kan du bestemma på førehand. Tryllestaven lager
utval av fargar som ligg nær kvarandre i bildet, medan «Vel etter farge»
merkjer også fargar som ligg eit stykke frå kvarandre reint fysisk i
bildet. Klikkar eg på bildet på f. eks. ein raudfarge med eit Paint
select-verktøy, blir pikslane med nokolunde same raudfarge med i utvalet.
Førebels har eg brukt «fargemerkjar» ut frå tankegangen at dei merkjer
fargane. Kanskje det blir det endelege resultatet?
Blei litt seint svar dette, men det finst eit liv utanom omsetjingane :-)
Helsing
Kolbjørn
Den 15.01.2024 21:01, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
> må. den 15. 01. 2024 klokka 19.18 (+0100) skreiv Petter Reinholdtsen:
>> [Kolbjørn Stuestøl]
>>> Nokre forslag til kva "Paint select" bør/kan heite på norsk?
>> Hva med fargevelger?
>>
> den brukar ein vel til å velje farge. kva med farge-utklipp?
>
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.