[l10n-no] Android og nynorsk

Kjetil Torgrim Homme kjetilho at ifi.uio.no
Tor 8. Feb 2024 01:41:18 PST


to. den 08. 02. 2024 klokka 08.33 (+0200) skreiv Sjur Moshagen:

> Eg har i det siste byrja å omtala dette (på engelsk) som Open Language, som ein parallell til Open Source, men altså ein separat dimensjon. Og grunntanken er altså at det er språksamfunna sjølve som skal bestemma kva for program, verktøy og tenester som skal finnast på språket deira, ikkje programprodusenten. Programprodusenten på si side skal leggja til rette for dette: gjera naudsynte ressursar lett tilgjengeleg, og gjera det lett (helst automatisk) å senda inn omsetjingar og anna for eit nytt språk. Og aller helst burde dei store plattformeigarane kunna nytta programvarebutikkane sine, som t.d. Google Play, for å distribuera «språkpakker» laga av tredjepartar. Det burde vera enkelt for omsetjarane, og enkelt for brukarane.


Det ville ha vore fint, men der er sikkerheitsaspekt ved dette, f.eks. er URL-ar ofte ein del av språkfilene, og det vil vere uheldig om ein tredjepart kan bruke slike omsetjingar til phishing osv.  Google vil nok heller ikkje setje pris på om ei omsetjing brukar kulturelt sensitive ord eller rein bannskap for den del, for sjølv om dei ikkje har laga dette sjølv, vil nok mange meine dei har "redaktøransvar" for språket i applikasjonane sine.

-- 
venleg helsing,
Kjetil T.



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.