[l10n-no] Android og nynorsk

Sjur Moshagen sjurnm at mac.com
Fre 9. Feb 2024 02:50:38 PST


8.2.2024 kl. 11:41 skrev Kjetil Torgrim Homme <kjetilho at ifi.uio.no>:
> 
> to. den 08. 02. 2024 klokka 08.33 (+0200) skreiv Sjur Moshagen:
> 
>> Eg har i det siste byrja å omtala dette (på engelsk) som Open Language, som ein parallell til Open Source, men altså ein separat dimensjon. Og grunntanken er altså at det er språksamfunna sjølve som skal bestemma kva for program, verktøy og tenester som skal finnast på språket deira, ikkje programprodusenten. Programprodusenten på si side skal leggja til rette for dette: gjera naudsynte ressursar lett tilgjengeleg, og gjera det lett (helst automatisk) å senda inn omsetjingar og anna for eit nytt språk. Og aller helst burde dei store plattformeigarane kunna nytta programvarebutikkane sine, som t.d. Google Play, for å distribuera «språkpakker» laga av tredjepartar. Det burde vera enkelt for omsetjarane, og enkelt for brukarane.
> 
> 
> Det ville ha vore fint, men der er sikkerheitsaspekt ved dette, f.eks. er URL-ar ofte ein del av språkfilene, og det vil vere uheldig om ein tredjepart kan bruke slike omsetjingar til phishing osv.  Google vil nok heller ikkje setje pris på om ei omsetjing brukar kulturelt sensitive ord eller rein bannskap for den del, for sjølv om dei ikkje har laga dette sjølv, vil nok mange meine dei har "redaktøransvar" for språket i applikasjonane sine.

- URL-ar: desse kan delast i to:
    - interne: det bør vera mogleg å kvalitetssikra slike automatisk
    - eksterne: slike må ein rekna med er tydeleg merka, og ev kan ein avgrensa bruken av slike

- kulturelt sensisitve ord og «redaktørandsvar»:

Dette går rett inn i kjerna av korleis ein ser på opphavsrett og språkleg eigarskap av programvare. Eg meiner at når vi no har bygt eit samfunn som føreset at ein kan gjera det meste digitalt, og at ein må ha tilgang til anten datamaskin eller mobiltelefon for å t.d. ha kontakt med det offfentlege, så er det veldig problematisk at Google skal bestemma kva for språk Android skal finnast på, eller læringsplatformen til Google (jamfør oppropet frå 50+ nynorskordførarar for eit par år sidan om manglande nynorsk der). Vi har no eit samfunn der den digitale infrastrukturen er like viktig som vatn, vegar og straum. Samtidig har vi ein stat og ein nordisk språkdeklarasjon som alle nordiske statar står bak som seier at alle språk i Noreg og Norden som har offisiell status (dvs både majoritets- og minoritetsspråk) skal vera fullverdige, samfunnsberande språk. Då burde det ikkje lenger vera opp til Google å bestemma om vi skal få Android på nynorsk, eller ein fungerande nynorsk stavekontroll i Google Docs.

Konsekvensane av at Google får bestemma er jo i praksis at dei fleste språka i verda blir utestengde, slik vi ser at det delvis skjer for nynorsk, og mykje meir for dei fleste andre språk. Etter mitt syn er dette fullstendig uakseptabelt.

Når det gjeld redaktørandsvar burde det vera nok å klart og tydeleg informera brukarane når dei vel eit språk som ikkje kjem frå Google at «no vel du ei språkpakke frå ein tredjepart - alt andsvar for den språklege drakta ligg hjå XX, og spørsmål og endringsforslag må sendast dit.». Eg ser ikkje at det treng å vera meir komplisert enn det.

For at alle språk og språksamfunn skal ha rimeleg gode sjansar til å skriva, lesa, høyra og prata sitt eige språk i den digitale verda er det rett og slett ikkje mogleg å lita på eller satsa på at Google eller andre gjer jobben. Det har dei ikkje ressursar og kunnskap til. Men som dette forumet er eit godt døme på så finnst slik kunnskap i språksamfunna - og det bør vera opp til dei/oss å velja kva for språk vi vil omsetja til og leggja til rette for, heilt utan å spørja Google eller andre.

Eg er sikker på at det er mogleg å løysa ulike sikkerheitsaspekt og andre utfordringar. Men støtte for 7000+ språk kan vi umogleg få om det skal vera opp til plattformseigarane.

Sjur



Mer informasjon om epostlisten l10n-no.