[l10n-no] Android og nynorsk
Thomas Gramstad
thomas.gramstad at ub.uio.no
Lør 10. Feb 2024 13:29:19 PST
Jeg synes Sjur skriver veldig bra om helt sentrale emner for
språk og kultur i et digitalt samfunn, og foreslår å sende
innlegg til NRK ytring. Og andre steder!
Thomas
On Fri, 9 Feb 2024, Sjur Moshagen wrote:
> 8.2.2024 kl. 11:41 skrev Kjetil Torgrim Homme <kjetilho at ifi.uio.no>:
>>
>> to. den 08. 02. 2024 klokka 08.33 (+0200) skreiv Sjur Moshagen:
>>
>>> Eg har i det siste byrja å omtala dette (på engelsk) som Open
>>> Language, som ein parallell til Open Source, men altså ein
>>> separat dimensjon. Og grunntanken er altså at det er
>>> språksamfunna sjølve som skal bestemma kva for program,
>>> verktøy og tenester som skal finnast på språket deira, ikkje
>>> programprodusenten. Programprodusenten på si side skal leggja
>>> til rette for dette: gjera naudsynte ressursar lett
>>> tilgjengeleg, og gjera det lett (helst automatisk) å senda
>>> inn omsetjingar og anna for eit nytt språk. Og aller helst
>>> burde dei store plattformeigarane kunna nytta
>>> programvarebutikkane sine, som t.d. Google Play, for å
>>> distribuera «språkpakker» laga av tredjepartar. Det burde
>>> vera enkelt for omsetjarane, og enkelt for brukarane.
>>
>>
>> Det ville ha vore fint, men der er sikkerheitsaspekt ved
>> dette, f.eks. er URL-ar ofte ein del av språkfilene, og det
>> vil vere uheldig om ein tredjepart kan bruke slike omsetjingar
>> til phishing osv. Google vil nok heller ikkje setje pris på
>> om ei omsetjing brukar kulturelt sensitive ord eller rein
>> bannskap for den del, for sjølv om dei ikkje har laga dette
>> sjølv, vil nok mange meine dei har "redaktøransvar" for
>> språket i applikasjonane sine.
>
> - URL-ar: desse kan delast i to:
> - interne: det bør vera mogleg å kvalitetssikra slike automatisk
> - eksterne: slike må ein rekna med er tydeleg merka, og ev kan ein avgrensa bruken av slike
>
> - kulturelt sensisitve ord og «redaktørandsvar»:
>
> Dette går rett inn i kjerna av korleis ein ser på opphavsrett
> og språkleg eigarskap av programvare. Eg meiner at når vi no
> har bygt eit samfunn som føreset at ein kan gjera det meste
> digitalt, og at ein må ha tilgang til anten datamaskin eller
> mobiltelefon for å t.d. ha kontakt med det offfentlege, så er
> det veldig problematisk at Google skal bestemma kva for språk
> Android skal finnast på, eller læringsplatformen til Google
> (jamfør oppropet frå 50+ nynorskordførarar for eit par år sidan
> om manglande nynorsk der). Vi har no eit samfunn der den
> digitale infrastrukturen er like viktig som vatn, vegar og
> straum. Samtidig har vi ein stat og ein nordisk
> språkdeklarasjon som alle nordiske statar står bak som seier at
> alle språk i Noreg og Norden som har offisiell status (dvs både
> majoritets- og minoritetsspråk) skal vera fullverdige,
> samfunnsberande språk. Då burde det ikkje lenger vera opp til
> Google å bestemma om vi skal få Android på nynorsk, eller ein
> fungerande nynorsk stavekontroll i Google Docs.
>
> Konsekvensane av at Google får bestemma er jo i praksis at dei
> fleste språka i verda blir utestengde, slik vi ser at det
> delvis skjer for nynorsk, og mykje meir for dei fleste andre
> språk. Etter mitt syn er dette fullstendig uakseptabelt.
>
> Når det gjeld redaktørandsvar burde det vera nok å klart og
> tydeleg informera brukarane når dei vel eit språk som ikkje
> kjem frå Google at «no vel du ei språkpakke frå ein tredjepart
> - alt andsvar for den språklege drakta ligg hjå XX, og spørsmål
> og endringsforslag må sendast dit.». Eg ser ikkje at det treng
> å vera meir komplisert enn det.
>
> For at alle språk og språksamfunn skal ha rimeleg gode sjansar
> til å skriva, lesa, høyra og prata sitt eige språk i den
> digitale verda er det rett og slett ikkje mogleg å lita på
> eller satsa på at Google eller andre gjer jobben. Det har dei
> ikkje ressursar og kunnskap til. Men som dette forumet er eit
> godt døme på så finnst slik kunnskap i språksamfunna - og det
> bør vera opp til dei/oss å velja kva for språk vi vil omsetja
> til og leggja til rette for, heilt utan å spørja Google eller
> andre.
>
> Eg er sikker på at det er mogleg å løysa ulike
> sikkerheitsaspekt og andre utfordringar. Men støtte for 7000+
> språk kan vi umogleg få om det skal vera opp til
> plattformseigarane.
>
> Sjur
>
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.