[l10n-no] Android og nynorsk
Øystein Alværvik
epost at stalva.no
Tor 8. Feb 2024 03:54:03 PST
> Eg har difor no i fleire år argumentert for at alle programprodusentar må opna opp den språklege sida av programma sine. Og denne opninga gjeld uavhengig av om programmet er open eller lukka kjeldekode. Vi burde ikkje vera nøydde til å be Google om lov til å omsetja Android til nynorsk, og vi skulle i same slengen kunne omsetja iOS til nynorsk - utan å måtta be Apple om lov.
Ut frå tidlegare jobberfaring med å kvalitetssikre bokmålsomsetting av programvare, veit eg at selskap er nøye med at språket held høg kvalitet og er presis. Apple har fleire fulltidstilsette kvalitetssikrarar (lokalisert i Irland) av bokmålsomsettinga til iOS og andre Apple-produkt. Dersom ei feilomsetting til dømes fører til at brukarar misforstår ein ny funksjon eller ikkje forstår korleis komme vidare i ein meny, er det frå Apple sin ståstad potensielt katastrofalt. Det er derfor lite realistisk at Apple frivilleg går med på at omsettingar av programvaren deira opnast opp for frivillege bidragsytarar.
Eg tenker det mest realistiske er å utøve press på norske politikarar for å innføre pålegg om nynorsk språk i visse typar programvare. Eg kan stille meg utanfor Stortinget i protest dersom nødvendig.
> > 7.2.2024 kl. 22:24 skrev Eivind Ødegård <eivind.odegard at sogn.no>:
> >
> > Hei!
> >
> > Her var endeleg eit emne som eg nesten kan svara på, så eg takkar for at du tok det opp. Eg har prøvd å driva lobbyverksemd for nynorsk Android hjå mållaget i lang tid, så langt utan synderleg hell. Eg limer inn ein liten bete av det eg har skrive til noverande leiar Peder Lofnes Hauge. Mykje av dette er sjølvsagt kjent stoff for oss som driv med omsetjingar, men det kan kanskje òg forklara litt. Særleg oppmodar eg folk her på lista, det vil seia dei som har Google-konto (det har ikkje eg), til å røysta fram førespurnaden om nynorsk Android jfr. lenka under. Dersom då nokon har hug til å starta, er det berre å setja i gang. Det ser ikkje ut som me får hjelp av mållaget, så me må gjera det sjølve her òg.
> >
> > Beste helsing Eivind Ø.
> >
> > ----------------
> >
> >
> > Som du veit, er Android open kjeldekode. Det tyder i prinsippet at kven som helst kan endre programvara slik dei vil, men Google har styringa over det som skjer med dei offisielle utgåvene som ber namnet Android (det finst altså andre utgåver som ber andre namn, LineageOS er den mest kjende). Den måten endringar skjer på, er at brukarar sender inn spørsmål om kva funksjonar dei vil ha. I dette tilfellet tyder det at til dømes mållagsmedlemer som har ein Gmail-konto, går inn på ei nettadresse og røystar over eller kommenterer på at dei vil ha nynorsk Android. Dersom mange nok personar gjer det, vil Google etter alt å døme leggje til rette for at nynorsk kan leggjast til som språk i offisielle utgåver av Android, og dermed i alle andre utgåver òg.
> >
> > Neste steg er då at omsetjarar med Google-konto går inn og gjer omsetjingsarbeidet. Android er ikkje eit lite prosjekt, og det er for mykje å vente at til og med entusiastiske enkeltpersonar skal kunne ta seg av det. Det er eit stort stykke programvare, og omsetjing krev ein del kunnskap om programvareutvikling.
> >
> > Reint konkret kan du sjå på ein av førespurnadene om nynorsk Android her:
> >
> > https://issuetracker.google.com/issues/160714156
> >
> > Du ser at aktiviteten i desse sakene er nokså liten. Det siste innlegget er eit år gamalt. Her må det til meir trøkk. Det seier seg sjølv at dersom til dømes 10.000 mållagsmedlemer la inn kommentarar eller røysta over denne saka, ville det ta fart - og det er det som må til. Dersom så til dømes 10 kunnige mållagsmedlemer hadde fått skapt eit miljø for omsetjing, med koordinering og hjelp frå skrivarstova, ville me faktisk kunne gjennomføre tiltaket. Det er denne koordinerte innsatsen eg meiner må til, og eg vonar du no er samd med meg i at det ikkje finst nokon andre enn mållaget som kan få dette til å skje. Vanlege mållagsmedlemer må nok gjera jobben og røysta over saka, men de sentralt på skrivarstova *må* samordne den innsatsen. Det krev ein annan kurs enn reint politisk arbeid. Som eg skreiv for lenge sidan: Det finst ingen andre enn oss.
> >
> >
> > Den 06.02.2024 14:37, skreiv Leif H Silli:
> >> Hei
> >>
> >> Dette er utanfor føremålet med lista, men er det nokon som veit om eller korleis ein kan få nynorsk på Android på systemnivå? Skulle i det minste gjerne ha kunns valt at spor som finst med nynorsk drakt også køyrer med nynorsk app.
> >>
> >> Døme: RememyTheMilk har nynorsk drakt, men eg fær ikkje til å ta drakta i bruk.
> >>
> >> Eg nyttar Firefox på nynorsk men det er fordi Firefox kjem i ei eiga, nedlastbar nynorsk utgåve.
> >>
> >> L
> >> _______________________________________________
> >> E-postlista l10n-no
> >> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
> > _______________________________________________
> > E-postlista l10n-no
> > http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>
> _______________________________________________
> E-postlista l10n-no
> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
>
Mer informasjon om epostlisten l10n-no.